B2C
No er me i gang med distribusjonen av årets trykksaker.
Visit Hardangerfjord er godt i gang med distribusjonen av årets trykksaker. I skrivande stund er Hege på veg til Voss med rykande ferske Hardangerfjord-guidar. Innan utgangen av neste veke skal alle turistinformasjonar i regionen ha fått påfyll.
Sjølv med færre utanlandske turistar, har Hardangerfjord Guide vore eit populært hjelpemiddel dei siste åra. Interessa for å feriera i regionen vår er veldig stor, og det gjer behovet for gode trykksaker endå større. Alle medlemsbedrifter i Visit Hardangerfjord vil i løpet av kort tid få tilsendt eit skjema der dei kan leggja inn bestillingar på guiden. Når dette er på plass, byrjar me fullskala distribusjon i regionen.
I tillegg kjem me til å ha omfattande distribusjon av trykksaka via partnarar, relevante knytepunkt og liknande. Det har allereie byrja å koma inn bestillingar, og me ser ein stor etterspurnad etter informasjon om ulike aktivitetar, attraksjonar, overnattingar, osv, i regionen. Denne trykksaka er eit viktig verktøy for turistane i regionen. Årets utgåve kjem i eit opplag på 180.000 (norsk, engelsk, tysk) og er oppdatert opp mot den nye merkevara/kommunikasjonskonseptet vårt.
Når det kjem til Hardanger-kartet, som kjem som lommekart og kartblokk, tinga me eit svært stor opplag av denne i 2021. Av omsyn til miljøet, økonomi og annonsørar, kjem me ikkje til å laga ein ny versjon av denne i år. Når det er sagt, kjem me til å vurdera ein re-print dersom det viser seg naudsynt gjennom sommaren.