B2C
Hardanger Ferietips og Hardanger-kartet har gått som hakka møkk denne sommaren.
Lars, sommarhjelpa vår, har ikkje hatt få timar bak rattet i varebilen til Visit Hardangerfjord i sommar. Han har nemleg køyrd land og strand for å distribuera trykksakene våre i Hardanger og omkringliggjande regionar. Etterspurnaden har vore enorm denne sesongen. Spesielt Hardangerfjord Guide er populær blant utanlandske turistar, men også Ola og Kari Nordmann har lagt sin elsk på trykksakene våre. Allereie i slutten av juli var me tomme for Hardangerfjord Guide og kartet vårt – dette sjølv med eit solid opplag.
Dette er eit tydeleg signal om at trykksakene våre er godt mottatt og viktige verktøy for turistane i regionen.
Me er allereie godt i gang med planlegginga av neste års trykksaker. Allereie denne veka vil de få tilsendt annonseinvitasjon til Hardangerfjord Guide. Me kjem attende med meir informasjon om Hardanger-kartet utover hausten.