B2C

Lovande utvikling på nettsida

Trafikken på Hardangerfjord.com aukar jamnt og trutt.

Sjur Vågen
29.3.22

Lovande utvikling på nettsida

Det har vore ei fin utvikling på heimesida vår dei siste åra. Trafikken har jamnt og trutt gått oppover sidan 2019, og i fjor satt me nok ein besøksrekord med heile 319.000 unike brukarar innom sida. No går me mot nok eit rekordår – i alle fall om me skal ta utgangspunkt i dei oppdaterte tala frå Google Analytics. Så langt i 2022 ligg me om lag 50 prosent framfor tilsvarande periode i fjor. Nokre dagar er dagstrafikken heile 80 prosent høgare enn tilsvarande dagar i 2021.

Det er enkelt å kjøpa seg til klikk, men dette er stort sett organisk trafikk. Det betyr at me ikkje har kjøpt oss til auka trafikk, men at den har kome som eit resultat av godt web-arbeid. Det er også ein klar indikasjon på at den nye nettsida fungerer godt og at folk er motiverte for å finna meir informasjon om ferie i Hardanger-regionen.  

Ei kjapp oppsummering: 

· Trafikken kjem frå fylgjande land (i rangert rekkefylgje) – Noreg, Tyskland, USA, Kina, Nederland, UK, Sverige, Danmark, Belgia og Frankrike. Det er heilt klart flest norske gjester (64 prosent).

· Dei har fylgjande interesser: Mat og drikke (sider), natur, fotturar.

· Den demografiske informasjonen indikerer også at det er snakk om folk med god økonomi / høg betalingsevne.

No har me også fått dei nye funksjonane på nettsida, og me jobbar kontinuerleg med å produsera opp relevante artiklar, inspirasjonssider og liknande – med utgangspunkt i informasjonen henta frå Google Analytics.  

Last ned

Andre innlegg