B2B
Franske turoperatørar oppleva "Go Viking" i Fjord Norge og Hardanger
I samarbeid med Innovasjon Norge Frankrike, Fjord Norge, Visit Bergen og Fjord Tours vart det nyleg gjennomført ei visingstur med franske turoperatørar. Med start og slutt i Bergen vart turen bygt rundt Fjord Tours sin Hardangerfjord in a nutshell vinter tur, med litt utvida program i Hardanger. På dei to døgn i Hardanger fekk turoperatørane ei autentisk oppleving av «Go Viking season», med både regn, snø og opphaldsvær, skodde og sikt, grå himmel og blå himmel og alle kontrastar som høyrar til. Dei lokale aktørane, både på aktivitet, mat/drikke og overnatting leverte fantastiske produkt, og turen var sært vellukka! Operatørane har så langt gitt veldig positive tilbakemeldingar og det er forventa at i kvart fall nokon av dem begynner å produsere nye vinter turar i Fjord Norge og Hardanger etter kvart.