Presse

Hardingfele og norsk kultur i Japan

Rio Ota er tildelt Den Kongelige Norske Fortenesteorden. Tildelingsseremonien fann stad på den norske ambassaden i Tokyo

Hege Vedvik
14.2.23

Norsk kultur og Hardingfele i Japan

Rio Ota med kunstnarnamnet Rio Yamase viser stor interesse for vår kultur, ho formidlar norsk musikk med Hardingfele, gjerne iført hardangerbunaden sin. Ho er utnemd til Hardanger Goodwill ambassadør og har gjeve ut bok om Noreg (Happiest nation Norway) der ho har intervjua mange viktige norske personar. Rio Ota har mellom anna spelt Edvard Grieg-musikk som solist på hardingfele i lag med Japan Philharmonic Orchestra. Ho har jobba langsiktig og målretta for å fremje norsk og vestlandsk kultur - me gratulerer så mykje med utnemninga. Me er takksame for det store arbeidet ho har gjort for vår region både innan turisme og kultur.

Fam. Utne var med på utdelinga på den norske ambassaden i Tokyo.

Last ned

Andre innlegg