B2B

Informasjon om B2B arbeidet i tida framover

16.4.20

Også, eller spesielt i den nåverande situasjon med gjennomgåande restriksjonar og midlartidleg stengte aktivitets-og overnattingstilbod er det viktig å oppretthalde B2B arbeidet og ha god kontakt med turoperatørane. Saman med dei andre destinasjonsselskap på Vestlandet og Fjord Norge skal vi arbeide mot den tida reiselysta kjem tilbake og vera klart når reiserestriksjonane vert oppheva.

Som kommunisert tidlegare skal Visit Hardangerfjord ikkje krevja inn  medlemskontingent nå for 2. kvartal, med fortløpande vurdering i forhold til aktuell situasjon. Dette medfører at vi, fram til situasjonen endrar seg, har mindre ressursar til bransjearbeidet og må satsa på ein kostnadseffektiv marknadsføring. Innovasjon Norge har avlyst og utsett alle B2B aktivitetar fram til august 2020. Det betyr at planlagde arrangement som messer og workshop inntil vidare ikkje vert gjennomført. Samtidig vert det jobba med digitale løysingar som kan erstatte enkelte av aktivitetane. Dette gjelder også ein av dei viktigaste B2B møteplassane, Norwegian Travel Workshop (NTW) 2020 som skulle gjennomførast nå i desse dagane. Det vert nå jobba med ein digital versjon til hausten.
Vist Hardangerfjord skal sjølvsagt vera til stades her og nytta relevante tilbod og mogelegheita. I tillegg skal vi sjå på eigne løysingar og tiltak innanfor kostnadseffektiv (digitalt) bransjearbeid. Til dømes, så jobbar vi for tida med implementeringa av eit nytt CRM system og oppdatering av fotodatabasen som er tilgjengeleg for turoperatørar. CRM systemet gjer det lettare å segmentere og fylgja opp relevante kontaktar/relevante marknadar. Med jamlege nyhendebrev skal operatørane «minnast på» regionen vår og inspirerast til å allereie nå tenkja på å ta opp igjen eksisterande og implementera nye Hardanger- program når tida er inne for det. Tilgang til ny-oppdatert fotodatabase skal så gjera det lettare for turoperatørane å formidla «daumen om Hardanger» (ref. «Dream now, visit later» kampanjen) vidare til kundane sine.  

B2B aktivitet vil i nærmaste framtida vera retta mot den norske marknaden samt segmenter og målgrupper i frå det europeiske nærmarket og utvalde langdistanse marknadar som er robuste og som vil være blant dei fyrste som reiser igjen. Samtidig som korona pandemien legger ein brems på reiselivet, så har tilskottet til Visit Norway blitt kutta med 53,5 millionar kroner i statsbudsjettet for 2020, noko som har ført til endringar i Visit Norway sine internasjonale aktivitetar.  Reiselivsavdelingane ved tre til fem ute kontora vert avvikla, derav ved Danmarkskontoret. Også Nederlands kontoret vert lagt ned. Fjord Norge er dermed igang å lage ein plan på eigne B2B arrangement, og Visit Hardangerfjord vil vera tett på her.

Relevante lenker:
Reiseinspirasjon i krisetid
Innovasjon Norge avlyser og utsetter alle B2B arrangement til august 2020
NTW 2020 digitalt versjon til hausten
Innovajson Norge endringar i reiselivssatsinga
Innovasjon Norge konsekvensar av budsjettkutt

Last ned

Andre innlegg