B2C

Julehelsing frå Visit Hardangerfjord

Takk for eit godt samarbeid i 2019!

Andreas Skogseth
23.12.19

Julehelsing frå Visit Hardangerfjord

Hardanger-regionen har opplevd godt vekst i talet besøkjande i 2019. Sterke reiselivsaktørar har saman bidrage til å setja regionen på kartet. Spesielt sider-produsentane har stått fram som gode ambassadørar for identitet og merksemd knytt til regionen. Det har vorte lansert fleire spanande produkt-konsept innan overnatting, opplevingar og servering i 2019, og det er gledeleg å sjå at reiselivsnæringa i Hardanger er i stadig utvikling.

Nye tilsetjingar, nye aktivitetar i selskapet og fleire nye prosjekt har prega eit hektisk år i Visit Hardangerfjord. Kjerna i arbeidet vårt er dog uendra. Nemleg å visa fram og korta ned avstanden til det me meiner er Noregs vakraste og mest spanande destinasjon.

Dette er eit utval av aktivitetar Visit Hardangerfjord har gjennomført i 2019:
  • Me deltok på 8 bransjemesser og workshops. Her blei det gjennomført totalt 177 salsmøter med turoperatørar, og me hadde 115 journalistar og turoperatørar på besøk i regionen.
  • Me har starta med innhaldsproduksjon. I 2019 gjennomførte me sju større film-produksjonar av innhald frå alle kommunar som er med i Visit Hardangerfjord. Her har me samarbeida med medlemmer, turistkontor, Siderklynga, Fjord Noreg og Visit Norway. Mykje nytt innhald vert lansert i 2020!
  • Sosiale medier, i kombinasjon med godt innhald, vert stadig viktigare i marknadsføringa. I år har me, gjennom eigne kanalar og i samarbeid med blant anna influencer-nettverk, hatt om lag 15 millionar eksponeringar av innhaldet vårt produsert frå Hardanger-regionen.
  • I samarbeid med LJB og Visit Bergen har me designa og installert ein ny «Hardanger-lounge» i turistinformasjonen i Bergen – som har over 600.000 vitjande i året.
  • Me har gjennomført ei større gjesteundersøking i samarbeid med Menon Economics. Undersøkinga gav oss svar på faktorar me ikkje finn i statistisk talmateriale som til dømes motivasjon for besøk, forbruk utover SSB-tal og type overnatting.
  • Utvikling av heilårsturisme står sentralt i arbeidet til Visit Hardangerfjord, og me har gjort ei rekke tiltak for å løfta fram regionen også på hausten, vinteren og våren. I samarbeid med Fjord Noreg og Visit Norway har me gjennomført målretta marknadstiltak, blant anna innhaldet me produserte i haust og vinter vert publisert i Fjord Noreg si «Go Viking»-satsing.
  • Etter fleire år med negativ utvikling i talet besøkande på Hardangerfjord.com, har me no gjort grep. Desse grepa har gjort at trafikken har auka med over 22 prosent samanlikna med fjoråret. Mykje av trafikken har kome som fylgje av satsinga på sosiale medier og innhaldsproduksjon.

Me ynskjer deg og dine ei riktig god jol og eit godt nytt år. Me ser fram til eit godt samarbeid i året som kjem!

Med venleg helsing
Charlotte, Sjur og Andreas.

Andre innlegg