Intern
Jula nærmar seg, og me legg bak oss eit reiselivsår prega av endring, inflasjon og global uro.
Kjære alle,
Jula nærmar seg, og me legg bak oss eit reiselivsår prega av endring, inflasjon og global uro.
Men reiselivet i Hardanger-regionen har stått støtt, og me kan slå fast at 2023 blir eit soleklart rekordår. Aldri før har det vorte selt fleire overnattingar i regionen vår. I tillegg til auka etterspurnad, er demografien på dei vitjande i stor endring. Frå å ha nesten utelukkande nasjonale gjestar gjennom pandemi-åra, ser me no ein sterk etterspurnad frå internasjonale gjestar. Det gjeld å stå samla og sterkt som éin felles region - i fleire marknader.
Prognosane tilseier at 2024 vert eit endå betre reiselivsår med særleg stor etterspurnad frå både europeiske og oversjøiske marknader - inkludert Asia.
Den store etterspurnaden vil samstundes krevja meir av destinasjonen. Våre mål om auka berekraft, auka lokal verdiskaping per gjest og ikkje minst auka heilårsturisme, vil verta viktige satsingsområde i tida framover.
Milepålar på marknadssida
Visit Hardangerfjord har stått på for å posisjonera Hardanger-regionen. Me formidlar opplevingar og vertskap av høg kvalitet, og gjennom dette siglar Hardanger fram som den mest attraktive destinasjonen blant dei viktigaste målgruppene.
Me utviklar konsept og produktkoblingar som knyter saman regionen og aukar opphaldstida og det lokale forbruket per turist. Dette er, i tillegg til god butikk, det mest effektive verkemiddelet for å kutta utslepp per gjest. Reisa til/frå destinasjonen utgjer nemleg over 75 prosent av utsleppa turistane står bak (Menon, 2023).
SoMe
SoMe har utvikla seg til å verta den kanskje viktigaste kanalen for å vekkja reiselyst hjå turistane. Dette har difor vore eit stort og viktig satsingsområde for Visit Hardangerfjord dei siste åra. I sommar hadde me, berre på vår Instagram-konto over 500.000 visningar i veka, og me nådde ut til 150.000 unike brukarar per veke. Dei gode trafikktala på Hardangerfjord.com, er både ein direkte og indirekte konsekvens av arbeidet vårt på SoMe. Me publiserer inspirerande innlegg som me linkar inn til relevante sider på Hardangerfjord.com. Gjennom dette arbeidet, har innhald frå Visit Hardangerfjord nådd ut til fleire millionar på SoMe i 2023.
Innhaldsproduksjon
Content / innhald er ein viktig suksessfaktor for reiselivet, spesielt om ein skal lukkast med merkevarebygging og marknadsføring via sosiale medier. Utan inspirasjon og reiselyst, får ein ingen kundar. Me har oppretthaldt stor produksjon in-house i 2023. Dette har resultert i om lag 10.000 nye bilete og 200 nye videoar, berre i år. Visit Hardangerfjord har gjennomført over 20 unike produksjonsrundar av ulikt omfang i heile regionen: Alt frå dagsturar med foto- og-/eller videoproduksjon til overnattingsdøgn på Trolltunga for å få med seg solnedgang/soloppgang.
Hardangerfjord.com
Nettsidetrafikken på Hardangerfjord.com har gjort kraftige byks dei siste åra, og 2023 er intet unntak. Det har aldri vore så mange gjester innom Visit Hardangerfjord sine sider nokon gong. No nærmar me oss nemleg 1 million visningar på nettsida så langt i 2023 - opp frå 361.000 før overgang til ny web. Me har lagt ned mykje tid og ressursar på å gjera Hardangerfjord.com til ei relevant, inspirerande og attraktiv side for turistar som vil besøka Hardanger-regionen.
No er alle kommunar i regionen med på nettsida med eigne dedikerte område (subsites). Det gjer det enklare enn nokon gong for turisten å finna informasjon om ulike aktivitetar, attraksjonar og overnattingar i Hardanger-regionen.
I 2023 har trafikken frå stort sett alle land gått opp. Ekstra interessant er det å sjå bruken til nordmenn, som nyttar sida i langt større grad enn før Covid-19. Så langt i 2023 ligg me 215 prosent framfor heile 2020 når det kjem til norske gjester på sida. Med andre ord – den generelle interessa for Hardanger har auka i Noreg.
B2C-kampanjar
I år, som tidlegare år, jobbar me tett med både Visit Norway og Fjord Norway. Saman med desse har me tatt del i sesongutvidings-kampanjar om våren og hausten. VN og FN set opp inspirerande og informative sider, rettar annonsane mot aktuelle målgrupper med enkel inngang til aktivitetar, attraksjonar og overnattingar i Hardanger-regionen.
Desse aktørane er også ein viktig samarbeidspartnarar når det kjem til utvikling av ulike kommunikasjonskonsept. Jon Fosse sin Nobel-pris er eit av fleire gode døme på dette. Visit Hardangerfjord utvikla innhald om Fosse og hans tilknyting til Hardanger. Me inviterte Visit Norway med på ideen om å vandra i forfattarens fotspor, som resulterte i ei ny storsatsing nasjonalt.
Internasjonalt bransjearbeid
I 2023 har utanlandsmarknaden vakna opp, og me registrerer stor interesse for Hardanger. Me har delteke på fleire workshops i Europa og USA og me har gjennomført nærmare 200 salgsmøter. Me har også gjennomført tradisjonen med bransje-eventet “Hardangerfjord Luncheon” i London i desember. Denne vart arrangert for 40’ande gong i år - og det var ein suksess med god oppslutning og positive utsikter for vidareutvikling av den viktige UK-marknaden. I tillegg til deltaking på workshops, har me teke i mot fleire visnings- og presseturar samt produsert fleire pressemeldingar, blant anna i samarbeid med Visit Norway.
Internmarknadsføring
Hardangerfjord Guide og Hardanger Ferietips / Hardangerkartet har vore svært populære hjelpemiddel blant både utanlandske og norske turistar i ei årrekke, og ingenting tyder på at denne trenden er i ferd med å snu. I 2023 var det omlag 400.000 turistar som nytta trykksakene våre. Dei er viktige verktøy for å binda saman regionen når turisten er her. Målet er auka opphald og ferdsel på tvers av kommunegrensene i regionen.
Med ynskje om ei riktig god jul og eit nytt gjevande år i 2024, vil me i Visit Hardangerfjord takka dykk for samarbeidet i 2023.