B2C

Knuste nettsiderekorden

Aldri før har det vore så mange besøkande på heimesidene til Visit Hardangerfjord.

Sjur Vågen
8.1.21

Knuste nettsiderekorden

Trafikken på Hardangerfjord.com stupte under dei fyrste vekene av COVID-19, men så skaut han til vêrs. Så mykje at me knuste vår tidlegare rekord med over 44 prosent! Totalt var heile 253.000 unike brukarar innom nettsida vår i 2020. Dette er tal Visit Hardangerfjord er særs nøgde med.

Nøkkeltal:

* Trafikken auka med 74,3 prosent samanlikna med 2019.

* Trafikken auka med 108,7 prosent samanlikna med 2018.

* Trafikken auka med 44 prosent samanlikna med rekordåret 2015.

Ekstra gledeleg er det at over 80 prosent av nettsidetrafikken er nordmenn. Vanlegvis utgjer denne gruppa 44 prosent av trafikken. Dette er ein god indikasjon på at nordmenn er og har vore innstilte på å finna meir informasjon om feriering i Noreg, og ikkje minst at me har vore godt synlege i dei kanalane me har satsa på.

Målretta satsing

Det er fleire årsaker til den positive utviklinga på nettsida. Visit Hardangerfjord har jobba aktivt med digital marknadsføring dei siste åra. Me har analysert eigne nettsider og gjort grep for å optimalisera dagens løysing. I tillegg har me peikt oss ut ulike kanalar, sosiale medium, digitale flatar, o.l. me ynskjer å vera synlege i. Samstundes har me auka satsinga vår på blant anna presse, PR, innhaldsproduksjon og SEO. Desse tiltaka har gjort at den organiske trafikken – altså ubetalt trafikk som kjem frå søk i søkemotorar – har gått opp over 100 prosent sidan 2018.

Traff med kampanjar

At me i sommar fekk ekstra marknadsføringsmidlar frå fleire kommunar i regionen, har også spelt ei stor rolle. Dette var kjærkomne midlar som bidrog til å gjera Hardanger-regionen til ein av «vinnarane» i Norgessamanheng. Me var kjapt ute med inspirerande innlegg og annonser for å lokka turistar til regionen. I marknadsarbeidet fokuserte me på målretta rekkevidde mot den norske marknaden og omfattande innhaldsproduksjon gjennom sommaren. Visit Hardangerfjord valde å fokusera på dei store ikona for å driva trafikk til regionen for å skilja oss ut frå konkurrerande destinasjonar, då konkurransen om nordmenn var knallhard. Dette resulterte i nemnde nettsideauke, millionar av visningar på sosiale medium og auka merksemd hjå relevante partnarar.

Les meir om marknadsarbeidet her

No jobbar me med å få på plass nye og moderne nettsider med kortare veg frå inspirasjon til booking. Dette, kombinert med ny, oppdatert merkevare, gjer oss godt rusta til å marknadsføra regionen vår mot aktuelle målgrupper på betre måtar enn tidlegare.

Bilete i saka er tatt av Tor Hveem på fototur med Visit Hardangerfjord og Fjord Norway.

Last ned

Andre innlegg