B2B

Korona relaterte oppdateringar frå NHO Reiseliv

24.9.20

NHO Reiseliv gjennomførte tidlegare i dag ei webinar om «siste nytt frå koronahausten». Under webinaret gjekk Kristin Krohn Devold gjennom regjeringas siste krisetiltak og NHO Reiseliv sitt arbeid i forhold til å forhandla gode ordningar og vedtak for reiselivsbransjen.
Tiltak som har komme gjennom er utvidinga av permitteringsperiode til 52 veker, vidareføring av kompensasjonstiltak til hausten 2020 og godkjenning av ytterlege midlar til utvikling og omstilling. Det vert elles jobba med og forhandla om å halde overnattingsmomsen på 6%, ei lengre løpetid av krise lån, redusert serveringsmoms og ytterlege midlar til marknadsføring.
Sjå også oppdatert situasjonsanalyse https://www.nhoreiseliv.no/tall-og-fakta/tiltak-for-reiselivet-nodvendig/

NHO Reiseliv sine bransje veiledarar som er eit viktig verktøy for reiselivsverksemda vart også minnast på:
https://www.nhoreiseliv.no/vi-mener/koronavirus/dokument/bransjenormer-og-veiledere/

Del to av webinaret gjekk på ein juridisk gjennomgang av Covid-19 forskrifter. Nokre hovudelement av gjennomgangen:
> Ikkje innreise forbod frå raude land, men karanteneplikt på 10 dagar
> Ved innreise må gjesten kunne bevisa samanhengande opphald på ei og same adresse dei fyrste 10 dagane i Norge (ved kortare opphald i Norge gjelder dokumentasjonskrav for den perioden gjesten skal opphalde seg i landet)
> Opphaldsstaden må vera egna for å kunne gjennomføre karantene, det er reiselivsverksemda sitt ansvar for å leggja til rette og ein bør informera gjesten om karantene plikten
> Det er gjesten sjølv som har ansvar for å overhalde karanteneplikt
> Dersom ein gjest eller ein tilsett får påvist smitte må vedkommande i isolasjon og kommuneoverlegen må kontaktast
> Det er kommuneoverlegen som har ansvar for smittespreiinga, varsling av eventuelle nærkontaktar gjerast i samarbeid med kommuneoverlegen
> Regel om 1 meters avstand er generell og gjelder overalt
> Tilleggsreglar for servering (bordservering av alkohol og skjenkestopp kl 24) og for arrangement (maks 200 personar per arrangement og alle gjestane må registrerast)
> Forskrifta om pålagt registrering av gjestar er heimel nok i forhold til GDPR men gjesten må informerast om registreringa, ein må berre registrere dei naudsynte opplysingar, oppbevare informasjonen på ein sikker måte i 10 dagar og makulerer den etterpå
> Lønnspliktperiode for arbeidsgivaren ved permittering er på 10 dagar + 5 nyedagar til ved permittering lengre enn 30 veker
> Tilsette kan ikkje vera permittert i oppseiingstida
> Sjukepengar for koronarelatert fråvær frå dag 4
> Karantene kan gi rett til sjukemelding som gir rett på sjukepengar
> Karantene på grunn av utanlandsreise kan gi rett til sjukemelding og sjukepengardersom reisemålet ikkje var raud ved reisestart

Last ned

Andre innlegg