Reiselivsstrategi
Folkemøte i Øystese 20.oktober om regional reiselivsstrategi og arbeid med bærekraftsmerking
Måndag 20. oktober vart det arrangert ope folkemøte på Hardangerfjord Hotel i Øystese. Møtet samla både innbyggjarar, næringsliv, ordførar og rådmann – og engasjementet i den fullsette salen var stort. Samlinga var del av arbeidet med å utvikla ein felles reiselivsstrategi for Hardangerregionen.
Prosjektleiar Margit Lund Mikkelson frå Visit Hardangerfjord opna møtet og peika på kvifor ein felles strategi både er viktig og naudsynt: Reiselivet betyr mykje for Hardanger – både som verdiskapar, som arbeidsgivar og for å skapa levande lokalsamfunn. Strategien skal gi ei felles retning for regionen, samstundes som den tek omsyn til lokal eigenart. Målet er å løfta Hardanger frå potensiale til posisjon – som eit leiande reisemål.

Eit sentralt tema i møtet var korleis reiselivet kan utviklast på ein måte som styrkjer det lokale – både gjennom økonomiske ringverknader, samarbeid, og det å ta vare på natur og kultur.
Mange av innbyggjarane løfta fram konkrete utfordringar som påverkar kvardagen – alt frå smale vegar og dårleg kollektivtilbod til mangel på synleg turistinformasjon og mangelfull sti-merking. Eksisterande problemstillingar knytt til Steinsdalsfossen vart særleg framheva: Det er for lite parkering, og fasilitetane held ikkje mål – særleg når busslaster med besøkande brukar toaletta, utan at det finst løysingar for betaling eller vedlikehald.

Andre forslag som kom opp var betre informasjon om lokale tur- og badeplassar, fleire tilrettelagde sykkelruter, og meir heilskapleg marknadsføring retta mot ulike demografiske grupper. Det vart òg peika på kor viktig det er å utvikla opplevingar som får folk til å bli lengre i kommunen – og å sy saman lokale aktørar, overnatting, aktivitetar og mat.
Mange uttrykte òg eit ønskje om å bidra til meir regenerativ og berekraftig turisme – der gjestene ikkje berre «forbrukar», men også gir noko tilbake til lokalsamfunnet.


Folkemøtet i Kvam var det andre i rekka – og del av eit større lyttande arbeid som vil halda fram i haust i dei andre Hardanger-kommunane.
Me vil takka alle som møtte opp og delte sine meiningar. Det vil snart bli lansert ei eiga nettside med informasjon om arbeidet og høve til å senda inn tankar og innspel for alle som har noko på hjarta.