Reiselivsstrategi

Tid og stad for dei opne folkemøta

Korleis skal Hardanger utvikla seg som reisemål? Ny strategi er på veg, og no i haust kan du påverka retninga.

Sjur Vågen
17.10.25

Tid og stad for dei opne folkemøta

I haust inviterer Visit Hardangerfjord til ei rekkje opne folkemøte i alle Hardanger-kommunane. Målet er å lytta til innbyggarane og få innspel til arbeidet vårt med ein regional reiselivsstrategi for Hardanger.

Tid og stad for møta:

  • 20. okt klokka 18-21 - Hardangerfjord Hotel, Øystese
  • 22. okt klokka 18-21 - Rosendal Fjordhotell, Kvinnherad
  • 03. nov klokka 18-21 - Kultursalen, Vøringfoss Hotel i Eidfjord
  • 04. nov klokka 18-21 - Jondal Hotel, Jondal
  • 12. nov klokka 18-21 - Heradsstyresalen, Ulvik Rådhus
  • 17. nov klokka 18-21 - Kommunestyresalen, Odda
  • 18. nov klokka 18-21 - Hotel Ullensvang, Lofthus

Me vil møtast fordi det er de som har kvardagen her – medan andre kjem som gjestar. Me vil høyra korleis Hardingane opplever at reiselivet verkar inn på bygdene – både positivt og negativt. Kva moglegheiter gjev det? Kva utfordringar merkar ein? Kva type reiseliv ynskjer me eigentleg å ha i framtida?

Møta er for alle som bur i Hardanger – anten du er ungdom eller pensjonist, driv næring, er engasjert i frivillige lag og organisasjonar, eller berre bryr deg om bygda di.

Har du spørsmål om arbeidet med regional reiselivsstrategi? Ta kontakt med Margit Lund Mikkelson  +47 911 51 009

Les også: Første folkemøte i Tyssedal

Last ned

Andre innlegg