Reiselivsstrategi
Første folkemøte om regional reiselivsstrategi og arbeid med bærekraftsmerki
Kva rolle skal reiselivet ha i Hardanger framover? Onsdag 1. oktober starta vi folkemøteserien på Kraftmuseet i Tyssedal. Innbyggarar, næringsliv og frivillige møtte fram for å dele både draumar og bekymringar – og bidra til å forme framtida for regionen vår.
Prosjektleiar Margit Lund Mikkelson frå Visit Hardangerfjord opna møtet og peika på kvifor ein felles strategi både er viktig og naudsynt:
– Reiselivet gjev arbeidsplassar, stoltheit og levande bygder, men vi ser òg press på natur, vegar og lokalsamfunn. Difor treng vi ei felles retning som styrkjer vertskap, kompetanse og samarbeid – og som samstundes gir rom for lokal eigenart.
Britt Dalland og Marta Rongved frå Vestland fylkeskommune delte erfaringar frå besøksforvaltning. Dei viste korleis kommunane kan få verktøy til å balansere omsyn – slik at reiselivet både gjev lokal verdiskaping og gode opplevingar for gjester & fastbuande.
Etter innlegga vart deltakarane utfordra i gruppearbeid med «frustrasjonskart» og «verdikart». Resultatet vart livlege diskusjonar som synte at reiselivet verkeleg engasjerer – og at mange ynskjer å vere med å påverke retninga.
Innspela spente vidt. Nokre peika på korleis reiselivet kan bidra positivt – med støtte til lokalt næringsliv, fleire arbeidsplassar, sommarjobbar for ungdom og meir liv i gatene. Andre løfta mellom anna fram behovet for balanse: lokale turområde må få vere «pusterom» for fastbuande, og ikkje alt bør marknadsførast. Mange meinte at dei destinasjonane som allereie er godt etablerte – som Dronningstien, Trolltunga og Oksen – kan vidareutviklast og skreddarsyast, medan natur, kultur og løypenett bør delast og forvaltast med omtanke.
Folkemøtet i Tyssedal gav verdifulle innspel som vert tekne med vidare. No ventar fleire møte rundt om i Hardanger – og på desse møta vil òg den lokale kommunen vere representert og delta aktivt i dialogen.