B2C
Korleis vil du at reiselivet i Hardanger skal utvikla seg? Kom og del dine tankar på dei planlagde folkemøta våre.
I haust inviterer Visit Hardangerfjord til ei rekkje opne folkemøte i alle Hardanger-kommunane. Målet er å lytta til innbyggarane og få innspel til arbeidet vårt med ein regional reiselivsstrategi og prosessen med berekraftssertifisering av Hardanger som destinasjon.
Dette er møte for deg som bur her – anten du er ungdom eller pensjonist, medlem i eit lag, driv næring eller berre er oppteken av bygda di. Reiselivet påverkar oss alle, og me ønskjer innspel frå heile breidda av lokalsamfunnet.
– Reiselivet handlar ikkje berre om turistane – men om oss som bur her. Reiselivet handlar om trivsel, framtidstru, arbeidsplassar, natur og kulturarv. Difor ønskjer Visit Hardangerfjord å samla Hardingane sine idear, bekymringar og draumar – slik at me saman kan staka ut kursen for vidare utvikling av heimplassen vår. Reiselivet kan styrka regionen – om me sjølve får definere korleis, seier Margit Lund Mikkelson, prosjektleiar for regional reiselivsstrategi i Visit Hardangerfjord.
Fyrste møte vert på Kraftmuseet i Tyssedal 1. oktober. Her deltek også Britt Dalland og Martha Rongved frå Vestland fylkeskommune, som er sentrale samarbeidspartnarar i dette arbeidet.
Me vil møtast fordi det er de som har kvardagen her – medan andre kjem som gjestar. Me vil høyra korleis Hardingane opplever at reiselivet verkar inn på bygdene – både positivt og negativt. Kva moglegheiter gjev det? Kva utfordringar merkar ein? Kva type reiseliv ynskjer me eigentleg å ha i framtida?