Reiselivsstrategi
Åtte folkemøte i haust samla over 170 innbyggarar. Innspela gjer eit tydeleg bilete av situasjonen i Hardanger.
Hausten 2025 har Visit Hardangerfjord gjennomført åtte opne folkemøte i alle kommunane som er ein del av reiselivsstrategien. Me har besøkt Eidfjord, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Lofthus, Odda, Tyssedal og Ulvik – og over 170 innbyggarar møtte engasjert opp til møta.
Møta var både kjekke og viktige for oss. Reiselivet skjer midt i kvardagen til folk – på vegar, stiar, i sentrum og i naturen rundt oss. Difor må ein regional reiselivsstrategi byggje på innsikt frå både innbyggarar, næringsliv og kommunar, og ta utgangspunkt i erfaringane til dei som kjenner reiselivet tett på.
Innspela frå møta viser stort engasjement, eit tydeleg verdigrunnlag – og ei klar vilje til å vere med og påverka utviklinga av Hardanger som både bu- og besøksstad.

Eit gjennomgåande bilete: Hardanger er attraktivt, men tåleevna er ulik
Uavhengig av kommune peikar deltakarane på dei same utfordringane:
Mange fortel at kvardagen blir krevjande når trafikken stoppar opp, når toalettkapasiteten ikkje strekk til, eller når turistar går gjennom tun og hagar for å finne “det perfekte utsiktspunktet”.
Det betyr ikkje at folk er negative til reiseliv. Tvert imot – dei fleste er tydelege på kor viktig det er for Hardanger. Samstundes ønskjer dei at vi utviklar det på ein klok måte, utan at det går utover natur, trivsel og kvardagsliv.

Kvifor vil vi ha reiseliv?
Innbyggarane peikar på dei same gevinstane, og det er brei semje om kvifor reiselivet er viktig:
Dette går igjen i alle kommunane: Reiselivet er ei av dei viktigaste næringane våre. Men det må styrkjast på ein måte som skapar meirverdi, ikkje meir belastning.
Kva vil vi dele – og kva bør vi skjerme?
Størstedelen av møta gjekk føre seg som gruppearbeid, der alle sat rundt bord med kart over nærområdet sitt. Deltakarane fekk hjarte, grøne piler og stjerner som dei klistra på kartet: Hjarte markerte stader dei ønskjer å halde for seg sjølve, grøne piler viste kva dei gjerne vil dele med gjestane, og stjernene peika ut det som er ekstra viktig å ta vare på framover. Øvinga gav eit tydeleg og samla bilete av kva innbyggarane meiner er viktig.
Dette vil vi ta vare på:
Dette deler vi gjerne:
Dette ønskjer vi å halde for oss sjølve:

Konkrete forslag frå innbyggarane
Innbyggarane kom med ei lang liste av tiltak som dei meiner vil lette kvardagen og styrkje reiselivet. Her er nokon av hovudpunkta som går igjen:
Betre informasjon og skilting
Infrastruktur
Samordning og samarbeid
Reiseliv heile året

Ein viktig bodskap: Hardanger skal vere ein god stad å bu– og ein god stad å besøke
Sjølv om me fekk mange frustrasjonar og tydelege behov, er engasjementet først og fremst positivt. Folk bryr seg og vil bidra. Dei ønskjer eit reiseliv som spelar på lag med lokalsamfunnet.
Tusen takk for engasjementet – vi set stor pris på kvar og ein som kom.
Fekk du ikkje deltatt på møtet, eller har du tankar du ikkje fekk delt?
Fortvil ikkje – det er framleis mogleg å komme med innspel.
HER kan du dele det du meiner er viktig for framtidas reiseliv i Hardanger:
Vi ønskjer alle innspel velkomne!
Har du spørsmål om arbeidet med regional reiselivsstrategi?
Ta kontakt med Margit Lund Mikkelson +47 911 51 009