B2B
Internasjonale turoperatørar frå heile verda er interesserte i Hardanger.
Årlege Norwegian Travel Workshop (NTW) er den viktigaste møteplassen for reiselivet i Noreg. Arrangementet vart i år gjennomført fyrste veka i april, i Ålesund. Rundt 850 menneske frå over 30 land deltok, derav over 300 forskjellige internasjonale turoperatørar frå bokstaveleg talt heile verda som kom til Noreg for å møta norske reiselivsverksemder, destinasjonsselskap og incoming-agentar. Visit Hardangerfjord deltok med to representantar, reiselivsdirektør Andreas Skogseth og Product Marketing Manager Charlotte Lingener. Med heilt fulle avtaleskjema og til saman rundt 70 møter fordelt på to dagar, vart det eit travel, men svært nyttig opphald i Ålseund.
Hardangerfjord regionen er allereie eit populært reisemål for mange, og det er tydelege tendensar til at både lengre og meir aktive feriar i Hardanger er etterspurd. Offentleg transport og self-drive er også eit gjennomgåande tema, da fleire kundar no ser etter unike, autentiske og skreddarsydde opplevingar i staden for dei klassiske bussrundreisar i større grupper. Samtidig aukar interessa for heilårsopne tilbod, da også vår, haust og vinter-sesongen vert meir og meir relevant. Så det er godt potensiale for vekst i skuldersesongen, og vi er i gang med oppfylging av møta våre, der me legg vekt på å marknadsføra Hardanger heile året.