B2C
Etter fleire månader med utvikling og testing, er omsider den nye utgåva av Hardangerfjord.com på plass.
Nettsideplattformen til Visit Hardangerfjord har vore overmoden for modernisering dei siste åra. Det same gjeld for Visit Norway og Fjord Norway, så me avventa litt og sett kva system og løysingar dei har gått for. Dette, kombinert med utfasing av eksisterande avtalar, har gjort at me ikkje har kunna lansera før no. I dette nyheitsbrevet/bransjesaka får de full oversikt over kva vurderingar som er gjort, kva funksjonar som er på plass, nye annonsemoglegheiter, med meir.
Me har gått gjennom statistikk og anna relevant informasjon grundig for å optimalisera ny nettside. Me har også tatt høgde for innspel og tips som medlemmene våre har kome med dei siste åra. Det gjer at me no kan tilby ei moderne nettside med gode verktøy som har ein kort veg mellom inspirasjon til kjøp.
Visit Hardangerfjord har dei siste åra samla inn data frå nettsida, sosiale medier, kampanjar, spørjeundersøkingar og lignande. Det gjorde at me hadde eit svært godt datagrunnlag for å setja i gang nettsidearbeidet. Me henta inn prisar for fleire ulike byrå, og saman med turistkontora bestemte me oss for å gå for Cure (design) og Guilty (koding og utvikling). Saman med desse, har me jobba med den nye nettsida dei siste 12 månadane. Dei siste 3 månadane har me lagt store ressursar ned for å lansera før hovudsesongen. På grunn av dei nye funksjonane på nettsida, har utviklinga tatt noko lengre tid enn planlagt. Det har gjort at me no lanserer fase 1 av nettsida. Fase 2, som kjem i løpet av sommaren, inneheld endå fleire funksjonar – blant anna scrolling essays, fleire temasider, tett kopling av arrangement & reiseliv, osv.
Ideelt sett skulle begge fasane vorte lansert samstundes, men det var viktig å få ut ein beta-versjon av sida medan kampen om norske turistar verkeleg står på. Men sjølv om me «berre» har lansert fase 1, er det mange nye funksjonar på sida. Funksjonar som er betydeleg betre enn me hadde på tidlegare nettside - blant anna inspirasjonsartiklar, innsidetips frå Hardingen, betre filtreringsfunksjon, osv.
Parallelt med nettsida, har me også utvikla ei oppdatert merkevare og kommunikasjonskonsept for Hardanger. Dette, kombinert med at turistkontora i Ulvik, Eidfjord og Ullensvang vert med på vår nye nettside, gjer at det no er langt enklare for turisten å finna informasjon om reisa i Hardanger. No slepp turisten å forholda seg til mange ulike nettsider før ferien. Komplett merkevare og kommunikasjonskonsept vert lansert samstundes med fase 2. Her vil me også invitera bransjen og medlemmene våre til lanseringa.
Sjølv om den nye nettsida berre har vore lansert i nokre dagar, ser me allereie gode resultat av grepa me har gjort. Utviklinga av talet vitjande på nettsida har det siste året vore svært bra. Utfordringa har vore å få gjesten til å bruka meir tid inne på sjølve sida. Men med nye funksjonar og meir innhald på plass, ser me allereie at dei vitjande brukar om lag 50 prosent lengre tid inne på sida. I tillegg til dette, har besøket også tatt seg opp etter lanseringa. Berre sidan lanseringa på fredag, har det vore 9.466 unike brukarar innom sida. Dette er svært gode tal og ein oppgang på 48 prosent samanlikna med førre veke på gammal plattform. No håpar me at dei gode besøkstala held fram og konverterer fleire gjester til Hardanger denne sommaren.
Dette er tal frå Hardangerfjord.com. Legg ein til tala frå Visit Norway og Fjord Norway, er besøkstala langt høgare. Det at alle medlemmer i Visit Hardangerfjord får omtale på desse tre nettsidene, er utruleg bra og verdifult. For å nå ut til potensielle turistar, er dette tre nettsider som gjev svært god synlegheit mot tusenvis av konkrete turistar med genuin interesse for å besøka Hardanger-regionen. Ta dykk difor tid til å sjå over omtalen dykkar på Hardangerfjord.com. Er den mangelfull, treng nye bilete, osv, send det gjerne til oss! Me kjem til å oppdatera produktpresentasjonane i sommar og utover hausten.
I løpet av juli vert det også mogleg å kjøpa seg større merksemd og synlegheit på Hardangerfjord.com. Under «opplevingar» og «overnatting», ser de ei «hardanger-rose» oppe til høgre på dei omtalane som kjem fyrst. Sjå døme her. For dei som ikkje kjøper seg større merksemd / synlegheit, får dei omtale som vanleg i opplistinga. Rekkefylgja er heilt tilfeldig og vert oppdatert kvar natt.
Sjølv om alt ikkje er på plass heilt enno, er det store forskjellar på ny og gammal nettsideløysing. Her kjem bildekarusell av gammal nettside.