B2C
Aldri før har det ore så mange besøkande på heimesidene til Visit Hardangerfjord.
Den gode utviklinga til Hardangerfjord.com har haldt fram i 2021. I fjor knuste me den tidlegare nettsiderekorden vår med over 40 prosent. Då var heile 253.000 unike brukarar innom nettsida vår. Så langt i år har det vore 319.000 unike brukarar innom Hardangerfjord.com. Oppgangen på nesten 30 prosent, er tal Visit Hardangerfjord er utruleg nøgde med!
Av totalen på 319.000, er heile 273.000 av dei norske, 12.000 tyske, 8.300 amerikanske, 3.400 kinesiske, 3.000 nederlandske og 2.800 svenske gjester. I eit «normalår» utgjer nordmenn om lag 44 prosent av trafikken på heimesida. At dette talet er langt høgare i år, er ein god indikasjon på at nordmenn er og har vore instilte på å finna meir informasjon om feriering i Noreg, og ikkje minst at Hardanger har vore godt synleg i dei kanalane me har satsa på.
Målretta satsing
Det er fleire årsaker til den positive utviklinga. Noko av trafikken er betalt trafikk som fylgje av annonsering, men det er den organiske trafikken som har auka mest. Størst effekt har me fått av TV-reklamen me hadde i vår. Då sponsa Visit Hardangerfjord «Tid for hage» på TV 2, og den største organiske veksten starta etter at TV-reklamane hadde gått. Dette, kombinert med nye funksjonar på sida, er nokre av faktorane som har gjort at me kan sjå tilbake på eit godt år med tanke på nettsidetrafikken.
Gode tal
Ein ting er talet vitjande på sida, som me er veldig nøgde med. Tidlegare har utfordringa. Vore å få gjesten til å bruka meir tid inne på sjølve sida. Men med nye funksjonar og meir innhald på plass, ser me allereie at dei vitjande brukar om lag 50 prosent lengre tid inne på sida enn tidlegare. Dei besøker også langt fleire undersider per økt enn tidlegare. Så kort oppsummert har me fleire gjester på sida, gjestene brukar lengre tid på sida og gjestene besøker fleire undersider per økt enn tidlegare.
Suksessfaktor for godt besøkte sider
Det er dei mest kjende og største fyrtårna som har dei best besøkte undersidene og presentasjonane.
Dronningstien – 38.700 unike gjester – opp 41 prosent samanlikna med 2020.
Vøringsfossen – 25.100 unike gjester – opp 377 prosent samanlikna med 2020.
Oksen – 11.900 unike gjester – opp 1.450 prosent samanlikna med 2020.
Sidersafari i Sørfjorden – 15.000 unike gjester – opp 59 prosent samanlikna med 2020.
Bondhusvatnet – 10.500 unike gjester – opp 54 prosent samanlikna med 2020.
Trolltunga-omtalen har faktisk hatt ein liten nedgang, men me ser ein klar auke i Trolltunga-relaterte omtalar som til dømes Trolltunga Active sin Trolltunga via ferrata.
Dei omtalane som har mest besøk og held gjestene lengst på sida, er dei omtalane som er gode og inneheld oppdatert informasjon og innhald. Dronningstien er eit godt døme. Det er enkelt å finna informasjon om turen, kvar ein skal parkera, osv. Det er også gode bilete / filmar frå turen, slik at gjesten enkelt kan bli inspirert og finna meir informasjon.
Slik kan du enkelt gjera omtalen din meir attraktiv
Dette er noko som også går igjen i omtalar der medlemmer har sendt nytt innhald og tekst. Eit godt tips er difor å sjå over omtalen dykkar på heimesida vår! I tillegg til våre eigne kanalar, får de svært god synlegheit på Visit Norway og Fjord Norway sine sider. Det at alle medlemmer i Visit Hardangerfjord får omtale på desse tre nettsidene, er utruleg bra og verdifult. For å nå ut til potensielle turistar, er dette tre nettsider som gjev svært god synlegheit mot tusenvis av konkrete turistar med genuin interesse for å besøka Hardanger-regionen. Ta dykk difor tid til å sjå over omtalen dykkar på Hardangerfjord.com. Er den mangelfull, treng nye bilete, osv, send det gjerne til oss!
Ekstra synlegheit
I løpet av vinteren vert det også mogleg å kjøpa seg større merksemd og synlegheit på Hardangerfjord.com. Under «opplevingar» og «overnatting», ser de ei «hardanger-rose» oppe til høgre på dei omtalane som kjem fyrst. Sjå døme her. For dei som ikkje kjøper seg større merksemd / synlegheit, får dei omtale som vanleg i opplistinga. Rekkefylgja er heilt tilfeldig og vert oppdatert kvar natt.