B2C

Nye temasider godt mottatt

Tidlegare i år fekk me ein mal for temasider på heimesida vår. Responsen blant turistane er svært god.

Sjur Vågen
2.9.22

Framifrå respons på nye temasider

Me har lenge ønska å laga eigne temasider på Hardangerfjord.com der me kan gå meir i detalj på utvalde tema, aktivitetar og attraksjonar. Dei tidlegare nettsidene våre gjorde dette vanskeleg for oss, men tidlegare i år fekk me omsider malar for dette på den nye nettsida. 

Ta Sider frå Hardanger som døme. Tidlegare måtte turisten gjerne vita kva aktørar som kunne tilby dette og finna fram til dei sjølv på nettsida. Dette var ein tungvint og lite effektiv måte å både bli inspirert og finna meir informasjon på. Slik er det heldigvis ikkje no lenger. 

På dei nye temasidene vert turistane servert god informasjon på ein inspirerande måte. Det er langt enklare å finna fram til verksemder som tilbyr tenester innanfor dei ulike temaene. Fokuset har heile tida vore å inspirera, informera og gjera det så enkelt så mogleg for turisten å finna dei aktivitetane, attraksjonane og overnattingsverksemdene som er aktuelle. 

Tal frå Google Analytics viser at dei nye temasidene er svært godt besøkt. I tillegg til dette, brukar turistane god tid inne på dei ulike sidene. For nokre av temasidene ligg gjennomsnittstida på over fire minutt! Det er ekstremt gode tal me er veldig nøgde med.  

Så langt har me produsert temasider for Trolltunga, Sider frå Hardanger, fotturar i Hardanger, Fossar i Hardanger og Blomstring i Hardanger. I skrivande stund jobbar me med å lansera nye temasider for hausten, samt ei eigen temaside for Mat frå Hardanger.

Last ned

Andre innlegg