B2B

Nytt styre i Visit Hardangerfjord

Hilde Charlotte Solheim er ny styreleiar i Visit Hardangerfjord.

Sjur Vågen
18.9.20

Nytt styre i Visit Hardangerfjord

- Dei unike kvalitetane i Hardanger og eit sterkt lokalt samarbeid er vårt sterkaste konkurransefortrinn i ei krevjande tid for reiselivsnæringa, seier Hilde Charlotte Solheim, nyvald styreleiar i Visit Hardangerfjord.

Ho meiner Hardangerfjord-regionen har unike kvalitetar som region for opplevingar, med natur, kulturhistorie og lokal mat og drikke av særs høg kvalitet.

- Etter fem år i styret for Visit Hardangerfjord, er det eit ærefullt oppdrag å få tillit som styreleiar, seier Solheim.

Breitt samansett

Det nye styret består av Hilde Charlotte Solheim, Borghild Vik (Eidfjord Fjell og Fjord Hotel), Tina Våtvik Olsen (Fjordtind Hotels), Jostein Soldal (Trolltunga Active), Åsmund Bakke (Folgefonni Breførarlag), AK Glück Teigland (Hardanger Musikkfest) og fast styremedlem og varamedlem frå Hardangerrådet, representert ved Torgeir Næss (ordførar Kvam) og Roald Aga Haug (ordførar Ullensvang). 

Barbara Zanoni Utne (Hotel Ullensvang) og Lars Instanes (Mikkelparken) går ut av styret etter fleire år med betydeleg innsats for destinasjonsselskapet.

– Zanoni Utne og Instanes har bidratt med viktig kunnskap, og me er takksame for at dei har satt av tid til fellesskapet for reiselivsnæringa i Hardanger. Dei vil framleis vera viktige samarbeidspartnarar i tida som kjem, seier reiselivsdirektør Andreas Skogseth og fortset:

– Det nye styret har lang erfaring frå ulike sektorar i næringa og representerer Hardanger-kommunane på ein god måte. Næringa står i ein særdeles krevjande situasjon, og det er viktig at me står saman og løftar fram regionen som reisemål i tida som kjem.

God sommar, tøft år
 
Sjølv om reiselivet i Hardanger-regionen kan skilta med ein jamn vekst i talet turistar dei siste åra, er det krevjande tider i næringa. Konsekvensane av Covid-19 er mange - blant anna det store bortfallet av utanlandske gjester og tapet av mykje trafikk i vinter, vår og til dels i haust, grunna restriksjonar og stor usikkerheit i marknaden. Likevel har regionen, isolert sett, gjort det bra i høgsesongen målt i talet norske turistar.

– VHF har gjennomført betydelege endringar på kort tid, blant anna gjennom eit digitalt løft av organisasjonen. Omfattande satsing på innhaldsproduksjon, kombinert med målretta annonser mot aktuelle kundegrupper, gjorde selskapet godt førebudd på handteringa av Covid-19-krisa. Kampen om norske turistar starta i mars, og me var raskt klare med marknadsføringa. No ynskjer me å ta dette vidare for å løfta nivået ute hjå næringa. Saman vil me stå sterkare som ein attraktiv destinasjon i tida som kjem – både for korte og langreiste marknader, seier Skogseth.

I samarbeid med administrasjonen i Visit Hardangerfjord, tek det nye styret no fatt på ein viktig prosess med ein ny reiselivsstrategi for Hardangerfjord.

- I tett samarbeid med bedriftene, kommunane og Hardangerrådet vil me staka ut kursen for den framtidige reiselivssatsinga i regionen. Me ynskjer eit bærekraftig reiseliv som bidrar positivt økonomisk til regionen og som styrkar lokalsamfunna. Me ynskjer å auka omsetnaden per gjest og utvida sesongen, slik at me kan sikra levedyktige verksemder i reiselivet også i åra som kjem, seier styreleiar Solheim.

Last ned

Andre innlegg