B2C
Me oppdaterer nettsida og fotobanken vår med nytt innhald. I den forbindelse ynskjer me materiell frå dykk.
Visit Hardangerfjord gjer i desse dagar ei rekke oppdateringar og endringar på nettsida og sosiale medier. Innhaldet me har produsert sjølve, vert gjort tilgjengeleg på YouTube og via fotobanken vår. I tillegg ynskjer me å få dette innhaldet endå tydlegare fram på Hardangerfjord.com og sosiale medier.
I den forbindelse ynskjer me gjerne å få tilsendt innhald frå medlemsverksemdene våre. Har du/de gode bilete og/eller videoar, send dei gjerne til [email protected].
Sjå også gjerne over presentasjonen til verksemda di på Hardangerfjord.com. Dersom du ynskjer andre bilete, filmar eller oppdatert tekst, må du gje beskjed til Sjur om dette.