B2B
Innovasjon Norge har publisert info om digitale B2B aktivitetar framover.
Som fylgje av Korona pandemien har Innovasjon Norge tidlegare i år avlyst alle B2B arrangement (workshop, messer, salsreiser og visingsturar) som var planlagd til og med august 2020. Det er nå publisert ein oppdatert plan over B2B aktivitetar framover, sjå: https://business.visitnorway.com/en/b2b-activities/activities/.
Der det lar seg gjera vert den planlagde aktiviteten erstatta med ein digital versjon. Konkret dato for ei digital gjennomføring av Norwegian Travel Workshop, som eigentleg skulle gjennomførast i april i år, er allereie fastsett, og skal avhaldas 8./9. september. Alle som var meldt på NTW i april 2020 vert informert om dette. Same gjelder dei andre arrangement som vart avlyst og som skal erstattast med ein digital versjon.
I tillegg til at avlyste arrangement vert erstatta med digitale versjonar, har Innovasjon Norge også lagt ein plan på nye B2B aktivitetar – også desse sjølvsagt digitale. Som heilt nye tiltak skal det gjennomførast webinarar - både webinarar med innhald frå norske partnarar, som er retta mot den internasjonale turoperatør/reisebyrå/MICE bransjen, men også webinarar halde av B2B representer frå Innovasjon Norge sine ute kontora, som er meint til å informera og halda norske partnarar oppdatert i forhold til kva som skjer i bransjen i dei ulike landa.
Andre nye tiltak er at Innovasjon Norge skal halda internasjonale turoperatørar oppdatert om norske produkter ved hjelp av marknadstilpassa Kahoot quizar og utsending av newsletter. Newsletter service, som vil vera tilgjengelege frå starten av juni, er ope for alle Norske reiselivsverksemda, og ein kan kostnadsfritt sende inn eigne nyheita som kan verta valt ut til å komme med i ein av dei internasjonale utsendingar (obs! all materiell må sendast inn på engelsk) til nyhetsbrevb2b@innovasjonnorge.no. Her kan det også sendast inn virtuelle opplevingar/virtuelle omvisingar og liknande, dersom verksemda di har produsert ei digital alternativ for eit besøk nå i korona tida.
Meir informasjon om alle dei nye B2B tiltak er samla her: https://business.visitnorway.com/en/b2b-activities/