B2C
Det er stor interesse for Hardangerfjord Guide og Hardanger-kartet.
Trykksakene våre er og har vore veldig populære dei siste åra. I 2022 merka me spesielt godt at utanlandsmarknaden var attende i regionen. Lars, sommarhjelpa vår, hadde ikkje få timar bak seg for å distribuera trykksakene i Hardanger og omkringliggjande regionar.
Spesielt Hardangerfjord Guide har vore veldig populær blant utanlandske turistar, men også Ola og Kari Nordmann har vist stor interesse for trykksakene våre. Allereie i slutten av juli var me tomme for både guiden og Hardanger-kartet – og dette sjølv med eit solid opplag.
Dette er eit tydeleg signal om at trykksakene våre er relevante og gode verktøy for turistane i regionen.
I skrivande stund held me på med dei siste finjusteringane før Hardangerfjord Guide går i trykken tidleg i januar. Me har gjort nokre småjusteringar – blant anna kjem me til å nytta oss av QR-kodar for å senda folk inn til meir informasjon og inspirerande innhald på nettsida vår. Me kjem som vanleg til å køyra rundt til medlemmene våre for å distribuera desse. For å imøtekoma den store interessa for trykksakene våre, aukar me opplaget av trykksakene (200.000+) og siktar oss inn på endå betre distribusjon på sentrale og viktige nøkkellokasjonar turisitane er innom.
Når det kjem til Hardanger-kartet, sender me ut meir informasjon om denne utgåva på nyåret.
NB: Også i år har det vist seg å vera populært å annonsera i trykksakene våre. Større og mindre både medlemmer og ikkje-medlemmer har kjøpt seg annonseplass i Hardangerfjord Guide. Når me sender ut invitasjon til Hardanger-kartet, vil me råda dykk til å sikra seg annonseplass så tidleg som mogleg. Bestillinga opnar fyrst når me sender ut invitasjon på mail. Medlemmer får, som vanleg, rabatt på annonsering.