B2B

Siste B2B aktivitet i 2020 er nå gjennomført

11.12.20

Året 2020 nærmar seg slutten, og den siste B2B aktiviteten for Visit Hardangerfjord i år vart gjennomført 8. og 9. desember med deltaking på Food & Culture seminar og Adventure workshop for turoperatørar frå Danmark, Sverige, Nederland og Belgia.

Også denne aktiviteten vart sjølvsagt gjennomført på ein digital måte, slik som meir eller mindre alle B2B aktivitetar i år. I januar og februar i år, før verden stengte ned, vart det gjennomført nokre få fysiske presse og visingsturar – men så vart det stopp på det. Etter kvart kom Innovasjon Norge/Visit Norway med gode løysingar for digitale substitutt og mykje nytt vart prøvd ut!
Converve, Whereby, Zoom, Teams, Virtual Lounges, Chat-Rooms, Livestreams and broadcast studios, Webinars, virtual press trips – dette er eksempel på forum, tiltak og møtesystem bransjen har vore med på. Mykje av det har vore ein suksess i forhold til vellykka gjennomføring, stor interesse blant turoperatørar, i forhold til å oppretthalda kontakten med viktige samarbeidspartnarar og #dreamnowvisitlater inspirasjons-biten.

Nå til hausten/vinteren har Visit Hardangerfjord delteke på Norwegian Travel Workshop (september), Italia og Spania Workshop (november), Norway Digital Day for søramerikanske turoperatørar (desember) og Danmark, Sverige og Benelux Workshop (desember). Saman med Visit Bergen og Region Stavanger har Visit Hardangerfjord også vore med på tidenes aller fyrste virtuelle presse tur som blei gjennomført i oktober, og som hadde mat og kultur som hovudtema.
Optimismen i bransjen var stor i september, og på NTW vart det diskutert turar som da framleis var tenkt å gjennomføre vinteren 2020/21, og planlegginga av turar for vår- og sommar sesongen 2021 var i full gang. Stemninga var noko meir dempa på dei workshop som var tidleg i november, og diverre ennå meir pessimistisk i møta som vart gjennomført nå i desember.
Mange turoperatørar har framleis ein god del bestillingar for våren og sommaren 2021 på book, dette er gjerne turar som allereie vart flytta ein gong frå 2020 til 2021 – men det er ikkje stort optimisme for å kunne få gjennomført desse. Nokre turoperatørar jobbar nå for fullt med å «skina opp» haust tilboda sine, da dei ser føre seg at reise mogelegheita er tilbake hausten 2021. Så operatørar som tidlegare gjerne kun har satsa på sommar og/eller vinter turer, var veldig interessert i å få ny informasjon om relevante tilbod som er tilgjengeleg om hausten.
Andre operatørar er diverre allereie innstilt på at dei ikkje vil kunne sende gjester igjen før vinter/vår 2022, og jobbar med dette nå. For å få dette til,er det mange som sitter og venter på konkrete updates i forhold til 2022 – tilgjengelegheit, sesong, priser og liknande.

Me venter desse dagar på budsjett detaljer og meir informasjon frå Innovasjon Norge/Visit Norway om kva for B2B aktivitetar som er planlagt for 2021. Ei fyrste antyding er at det ikkje vert lagt opp til fysiske møter, messedeltaking og/eller visingsturar etc. i fyrste halvdel av 2021, men at det slik som i år kun vert lagt til rette for digitale møte arena. Heilt konkret så jobbast det for tida med eit digital system som skal kunne brukast for visingsturar, noko som er veldig etterspurt i frå bransjen. Systemet skal vera tilgjengeleg for eigne visingsturarar for regions- og destinasjonsselskap også, så dette er noko Visit Hardangerfjord, gjerne i samarbeid med Fjord Norge, kjem til å satsa på i nærmare framtid.



Last ned

Andre innlegg