B2C
Visit Hardangerfjord ynskjer å koma med ei kjapp oppdatering om nettsida og trykksakene våre.
Vanlegvis ville me ha vore godt i gang med utforminga av Hardangerfjord Guiden på denne tida, men slik er det ikkje i år. Grunna COVID-19 distribuerte me færre HFG i 2020 samanlikna med eit normal-år, der me distribuerer oppunder 250.000 eksemplar. Den norske utgåva har vore svært populær, men me har framleis svært mange tyske og engelske eksemplar att. Me kjem difor ikkje til å laga ein heilt ny guide, men heller printa opp eit nytt opplag med norske utgåver av Hardangerfjord Guide. Dette gjer me for å spara bransjen utgifter knytt til HFG og produktmanual i eit serdeles krevjande reiselivs-år. Me kjem attende til dykk med meir informasjon når me har betre oversikt.
Når det kjem til Hardanger Ferietips, vart den fulldistribuert i 2020 med stor etterspurnad blant bransjen og gjester. Me vil tilby ei rimelegare kartløysing for 2021-året før me er tilbake til normalt format og eit forhåpentlegvis normalt reiselivsår i 2022. Også her kjem me attende med meir informasjon.
Me vil oppmoda dykk til å sjå over presentasjonen dykkar på nettsidene våre. Me hadde nettsiderekord i 2020 og over 80 prosent var nordmenn. Her vil me auka trafikken og merksemda rundt di bedrift / tilbod i tida framover. Dersom presentasjonen inneheld feil, utdaterte bilete og liknande, er det fint om de gjev oss beskjed om dette via mail (info@hardangerfjord.com). Då skal me få oppdatert sidene våre med dei eventuelle endringane som kjem inn.