B2B
Det jobbast for fullt med å visa fram Hardangerfjord regionen for turoperatørar i haust, vinter og vår.
Etter vellykka visingstur for franske turoperatørar i desember 2019 jobbast det nå med 4 nye turoperatør visingsturar som kjem til Fjord Norge og Hardanger i løpet av februar og tidleg mars 2020. I samarbeid med Fjord Norge, og for fleire av turane også i samarbeid med Fjord Tours og den nye Hardangerfjord in a Nutshell vinter turen, skal det hentast inn om lag 40 turoperatørar som får oppleva vinterstemninga og vinteraktivitetar i Hardanger. Dei visingsturgruppene som er planlagt per i dag er frå Korea, Japan, Italia & Spania og Kina, og det er ikkje umogleg at det kjem ennå fleire, både turoperatør- og presseturar til regionen vår nå i vinter og vår 2020.