B2C

Straks i mål med årets trykksaker

Hardanger Ferietips og Hardangerfjord Guide snart i trykken.

Sjur Vågen
8.4.21

Straks i mål med årets trykksaker

Visit Hardangerfjord gjer i desse dagar siste finpuss på årets brosjyrar før dei går i trykken.

Som tidlegare nemnd, kjem det ikkje ei ny utgåve av Hardangerfjord Guiden (HFG). Grunna COVID-19 distribuerte me færre HFG i 2020 samanlikna med eit normal-år, der me distribuerer oppunder 250.000 eksemplar. Den norske utgåva har vore svært populær, men me har framleis svært mange tyske og engelske eksemplar att. Me kjem difor ikkje til å laga ein heilt ny guide, men heller printa opp eit nytt opplag med norske utgåver av Hardangerfjord Guide.

  • VHF mottar svært mange bestillingar av HFG. Dette sikrar oss god nasjonal, regional og lokal distribusjon av guiden på norsk, engelsk og tysk.
  • Alle som tidlegare har mottatt HFG, får snart tilsendt eit bestillingsskjema. VHF kjem til å levera ønska mengde trykksaker på dør i løpet av våren.
  • VHF har gjeve alle annonsørar høve til å oppdatera annonsene sine kostnadsfritt. Medlemmene våre har også fått høve til å oppdatera opningstider.
  • Dersom du har liggande nokre eksemplar frå fjorårets HFG, treng du ikkje å kasta dei. Desse kan brukast også i år.
Skisse / utkast av Hardanger Ferietips & Hardangerkart

Når det kjem til Hardanger Ferietips, har me gjort større endringar med nytt design og utforming.

  • Me går vekk frå avis-formatet og legg vekt på sjølve kartet, som er hovudelementet i denne publikasjonen. Det er teikna opp eit heilt nytt kart i samarbeid med turistkontra i regionen.
  • Årets Hardanger Ferietips (60.000 i opplag) kjem både som kartblokk-versjon til distribusjon over skranke, samt som ein bretta/ned-falsa versjon som det er lettare å få plass til i hyllene.
  • I kartet, som er produsert i den nye profilen til VHF, vil det vera referansar til attraksjonar og aktivitetar i regionen, men også til annonsørane!

Det er veldig gledeleg å sjå at grepa me har gjort med Hardanger Ferietips har vorte så godt mottatt. Annonseplassane vart rive vekk og me har fått gode attendemeldingar på både design- og formatendringa.

Som nemnd tidlegare, vil me om få veker byrja med distribusjonen av trykksakene. De vil få tilsendt eit bestillingsskjema i forkant av utkøyringa. Dette kjem me attende til.

Last ned

Andre innlegg