B2C

Treff godt på internasjonale trendar

Hardanger-regionen har mange solide produkt som passar bra med trendane i det internasjonale reiselivet.

Sjur Vågen
2.9.22

Treff godt på internasjonale trendar

Hardanger er og har vore eit populært reisemål i generasjonar, og det ser ikkje ut til å endra seg med det fyrste. For sjølv om både turistane og reiselivet i seg sjølv er i kontinuerleg utvikling, kan regionen skilta med produkt som går hand i hand med det dagens turistar vil oppleva. Tretopphytter, Heit Sauna, Siderbåten og Fonna1199, for å nemna nokon, er gode døme som treff dei internasjonale trendane.  

 

Desse trendane er store i internasjonalt reiseliv:

  • Active holidays & outdoor experiences
  • Workcations
  • Wellness breaks
  • Sustainable travel
  • Slow travel & meaningful experiences

Og ein treng ikkje å vera ein rakettforskar for å sjå at Hardanger har mange attraksjonar, aktivitetar og overnattingsverksemder som treff midt i blinken på dette her. Dette er berre éin av mange årsaker til den gode veksten på nettsidene våre. Der kan me nemleg presentera alle dei ulike alternativa på ein mykje betre måte enn tidlegare. Kombinasjonen av inspirasjon, informasjon og produktkobling med kort veg til kjøp er viktige stikkord.

Når ein fyrst er inne på trendar, har me tatt ein gjennomgang av trafikken på nettsidene våre.

  • Besøkstala er svært gode. I skrivande stund ligg me om lag 60 prosent framfor tilsvarande periode i fjor.
  • Det er ein STOR oppgang i utanlandstrafikk – spesielt frå Tyskland, USA, Kina, Nederland, UK, Sverige, Frankrike, Danmark og Belgia. I fjor utgjorde nordmenn om lag 80 prosent av trafikken. Sjølv om det er fleire norske gjester inne på sida i år, utgjer nordmenn no 68 prosent.
  • Dei vitjande er interesserte i Food & dining, lifestyle, outdoor adventure, sport & fitness. Dei fleste er i alderen 25 – 65 år.
  • Opplevingar som Trolltunga, Dronningstien, Bondhusvatnet, Folgefonna, Vøringsfossen og Steinsdalsfossen skilt seg ut som godt besøkte sider.
Last ned

Andre innlegg