B2C

Utvikling på heimesida i 2022

Nettsida vert stadig meir relevant og hyppigare besøkt. Sida har vore gjennom ei stor utvikling i 2022. Sjå oppsummering

Sjur Vågen
23.12.22

Utvikling på heimesida i 2022

Det har vore ei lovande utvikling på Hardangerfjord.com dei siste åra. 2022 har ikkje vore noko unntak med gode besøkstal, fleire undersider besøkt og ei rekke nye, inspirerande funksjonar.

Trafikk

Nettsidetrafikken har gjort kraftige byks dei siste åra. Talet unike brukarar har vore som fylgjande:
 
2019: 146.000
2020: 251.000
2021: 327.000
 
I skrivande stund har 323.000 unike brukarar vore innom Hardangerfjord.com i 2022. Det gjer at me ligg på nivå (marginalt framfor) rekordåret 2021 i nettsidebesøk, men både antall sider besøkt, sider per økt og gjennomsnittleg varigheit av økta har gått bra opp det siste året. I tillegg er fluktfrekvensen betre – altså at turisten finn relevant informasjon. Med andre ord – turisten brukar lengre tid og besøker langt fleire undersider enn tidlegare.
 
* Det er ein bra oppgang i utanlandstrafikk – spesielt frå Tyskland, USA, Nederland, UK, Sverige, Frankrike, Danmark, Kina og Belgia

* Dei vitjande er interessert I Food & dining, lifestyle, outdoor adventure, sport & fitness, travel. Dei fleste er i alderen 25 – 65 år.

* I tillegg til inspirasjons- og temasidene våre, er opplevingar som Trolltunga, Vøringsfossen, Dronningstien, Sidersafari i Sørfjorden, Bondhusvatnet, Steinsdalsfossen og Folgefonna veldig populære.
 
Dette viser at Visit Hardangerfjord og reiselivet i regionen treff godt på trendane som er store i både nasjonalt og internasjonalt reiseliv – som til dømes «Active holidays & outdoor experiences», «Wellness breaks», «Sustainable travel», «Slow travel & meaningful experiences».
 
På Hardangerfjord.com fokusert på å produsera inspirerande innhald og andre trafikkdrivande tiltak, men dette året har også mykje ressursar gått til å implementera ei rekke nye funksjonar på nettsida.

Temasider

Me har lenge ønska å laga eigne temasider på Hardangerfjord.com der me kan gå meir i detalj på utvalde tema, aktivitetar og attraksjonar. Dei tidlegare nettsidene våre gjorde dette vanskeleg for oss, men tidlegare i år fekk me omsider malar for dette på den nye nettsida.

På dei nye temasidene vert turistane servert god informasjon på ein inspirerande måte. Det er langt enklare å finna fram til verksemder som tilbyr tenester innanfor dei ulike temaene. Fokuset har heile tida vore å inspirera, informera og gjera det så enkelt så mogleg for turisten å finna dei aktivitetane, attraksjonane og overnattingsverksemdene som er aktuelle.

Sjå nokre dømer herSider frå Hardanger, Trolltunga, Vinter i Hardanger.

Scrolling essay

Me fekk nyleg moglegheita til å laga det som heiter «scrolling essay» på Hardangerfjord.com. Dette gjev oss moglegheita til å presentera medlemsverksemder, attraksjonar og aktivitetar på ein langt meir inspirerande måte som kombinerer tekst, bilete og film. Når ein scrollar seg nedover på sida, endrar bakgrunnen seg med ulik informasjon.

På denne måten kan me enklare visualisera korleis landskapet endrar seg frå fjordkanten til isbre, frå blomstring til saft/sider, kva som ventar turisten langs turen til Trolltunga, osv.

Moglegheitene er mange! Me har laga eitt scrolling essay i samarbeid med Hotel Ullensvang, men planlegg å lansera fleire på nyåret – i god tid før sommarsesongen.

Sesong-funksjonalitet

Du har kanskje fått med deg dei nye sesongfargane til Visit Hardangerfjord. To av bladene i åttebladsrosa representerer vinteren, to representerer sommaren, osv – alle med eigne fargekodar for å enkelt sjå forskjell på dei ulike. Dette har me no fått implementert på Hardangerfjord.com.

Før ein klikkar seg inn på eit produkt/omtale, vil turisten enkelt sjå kva sesong dei ulike er tilgjengeleg i. Me har også gjort det slik at når turisten til dømes vitjar sida no i desember, kjem dei produkta som er opne om vinteren opp fyrst. Dei andre kjem under med ein litt annar fargekode. Det gjer det enklare for turisten å finna relevant informasjon på kortare tid enn før.

Ryddigare søk

På lik linje som sesongane påvirkar fargane på sida, har dei også noko å seia på dei nye søkesidene våre. Når turisten no søker på sida vår, kjem dei produkta som er tilgjengeleg i inneverande sesong opp fyrst. Andre resultat kjem også opp, men lenger nede og med ein annar fargekode. Me har også endra sjølve designet til å verta meir innbydande og enklare for turisten å finna fram.

I tillegg til dette har me endra sjølve funksjonaliteten bak. Tidlegare, når du til dømes søkte på «Folgefonna», kom det opp mange produkt som ikkje hadde noko med Folgefonna å gjera. Dei kom fram så lenge dei hadde ordet «folgefonna» i teksten sin. For at «Folgefonna» no skal koma fram i søket, må det vera ein del av sjølve produktnamnet eller at det er lagt inn som eit søkeord. Dette vil også gjera at turisten enklare finn relevante produkt og oppføringar basert på den informasjonen dei er på jakt etter.

Send oss difor gjerne søkeord du meiner verksemda di bør vera synleg på! 

Samlande kanal

Nye Hardangerfjord.com samlar all informasjon om reiselivet i Hardanger-regionen. I staden for at dei ulike kommunane skal ha eigne nettsider på eigne domener, er alle, utanom Kvam, no samla på Hardangerfjord.com. Turistkontora i dei respektive kommunane har fått dedikerte områder dei sjølv driftar og publiserer innhald på. Inspirasjonsartiklar og temasider som vert produsert av Visit Hardangerfjord, vert krysspublisert til kommunesidene. Det gjer at turisten mykje enklare finn informasjon om aktivitetar, attraksjonar, overnattingar, arrangement, med meir, på tvers av kommunegrensene. Dette er eit godt døme på korleis lokalt samarbeid og ei felles merkevare utad hjelper turisten både i informasjons- og inspirasjonsfasen. Dei gode tala på Hardangerfjord.com hadde ikkje vore mogleg utan dette! 

Døme på korleis Eidfjord har løyst det på sine kommunesider.

Dette er berre noko av dei nye funksjonane som har kome på Hardangerfjord.com. På nyåret kjem me til å senda ut meir informasjon om nye annonserings- og synlegheitsalternativ på sida – som til dømes Hotel Ullensvang nytta seg av ifm scrolling essay. Det vert også mogleg å kjøpa seg betre synlegheit i kampanjer, i søkesider, i opplistingar, med meir.

Last ned

Andre innlegg