B2C

Berlingske Tidende til Ulvik

Ein journalist frå Berlingske Tidende har tilbragt 2 dagar i Ulvik.

Hege Vedvik
27.8.26

Journalist til Ulvik

Ein journalist frå Berlingske Tidende i København har tilbragt 2 dagar i Ulvik for å intervjue bøndene på fruktgardane som er med i Frukt og Siderruta (Ulvik Frukt og Sideri, Syse gard og Hardanger Saft og Siderfabrikk) - han syns heile sidereventyret er spanande og knytt opp til gamle tradisjonar.
Han budde på Brakanes Hotel og fann historia til hotellet facsinerande, så han vil skrive ein reportasje om det også. Han var også på Haugesenteret og fekk mykje informasjon om Olav H. Hauge som han likte særs godt, så her vert det mykje god omtale om Ulvik, sider, mat, Brakanes Hotel og Haugesenteret.

Journalisten var heldig med været, han fekk flotte solskinsdagar i fjorden - noko han var veldig nøgd med.
3. dagen reiste han til Norheimsund, der han tok bussen til Bergen for å fly heim att til København.

Last ned

Andre innlegg