B2C

Den kulaste sommarjobben i Noreg

VHF har tilsett Simon Sjøkvist som sommarvikar. Han skal produsera bilete og videoar for oss frå juni til august.

Sjur Vågen
3.6.19

Den kulaste sommarjobben i Noreg

11. juni dukkar det opp eit nytt ansikt hjå oss i Visit Hardangerfjord. Han heiter Simon og skal hjelpa oss med å laga mykje bra innhald fram til midten av august.  

Han studerer på Høgskulen i Volda og er framifrå dyktig med både foto- og filmkamera. Han kan også skilta med gode eigenskapar på digitale flatar, som til dømes sosiale medier og arbeid på nettsider.

Foto: Simon Sjøkvist

Tilsetjinga av Simon heng saman med Visit Hardangerfjord si satsing på innhaldsproduksjon. I staden for å seia kor fint og flott me har det, skal me bruka bilete, video og tekst for å verkeleg visa det til turistane. I dette arbeidet kjem Simon til å spela ei sentral rolle og jobba saman med Sjur.

Les også: Startar med innhaldsproduksjon

Målet er at Simon skal vera minst mogeleg på kontoret i sommar. Me ynskjer at han skal vera mest mogeleg ute i naturen og på besøk hjå dykk. Me tek kontakt medmedlemsbedriftene våre i førevegen før Simon eventuelt kjem på besøk.

Last ned

Andre innlegg