B2C

Startar med innhaldsproduksjon

Visit Hardangerfjord produserer bilete, video og tekst for å marknadsføra regionen.

Sjur Vågen
10.4.19

Startar med innhaldsproduksjon

Visit Hardangerfjord har starta med content marketing, eller innhaldsproduksjon som det heiter på godt norsk. Det betyr at i staden for å seia at Hardanger er det flottaste området i verda, skal me no visa det i form av gode bilete, videoar og tekstar.
I den forbindelse har me leigd inn britiske Ben Howells. Andreas og Sjur har gode erfaringar med å bruka han tidlegare, og no er me utruleg spente på kva han kan gjera for Visit Hardangerfjord. Howells har akkurat vore på besøk i ti dagar og har filma fleire aktivitetar og tilbod som me har på vinterstid. Planen er å produsera innhald frå alle årstider, noko me kan bruka i vidare marknadsføring av regionen.
Me har stor tru på denne formen for marknadsføring, spesielt i Sosiale Medier der gode bilete og videoar vert eit stadig viktigare verkemiddel.

Alt innhaldet som no vert produsert, vert brukt til å visa kor flott regionen er, men også å kobla saman konkrete produkter for å visa kva ein kan gjera over fleire dagar i Hardanger. Dette vert viktig i arbeidet med å få turisten til å tilbringa fleire dagar når han/ho fyrst vitjar oss.

Me kjem til å publisera innhaldet på denne nettsida når det er klart.

Har du konkrete tips og/eller ynskjer om kva innhald me skal produsera, ikkje nøl med å ta kontakt med Sjur eller Andreas.
Sjur Vågen - sjur@hardangerfjord.com - 975 02 497
Andreas Skogseth - andreas@hardangerfjord.com - 926 64 894

Her ser du ein av videoane Ben laga for Fonna Glacier Ski Resort i fjor sommar:

Last ned

Andre innlegg