B2C

Difor bør du vera aktiv på sosiale medier

Slik bør du jobba med sosiale medier under korona-pandemien.

Sjur Vågen
5.5.20

Difor bør du vera aktiv på SoMe

Sosiale medier har utvikla seg til å verta viktige kanalar i marknadsføringa. Dette gjeld alle næringar, men spesielt for oss som jobbar med reiseliv. Reiser, opplevingar og mat siglar fram som blant det mest populære innhaldet.  

På lik linje som Fjord Norway og Visit Norway, kjem Visit Hardangerfjord til å fokusera mykje på den norske marknaden framover. Heile 82 prosent av nordmenn har profil på Facebook. 58 prosent har brukar på Instagram. Ifylgje ei undersøking gjennomført i 2019, kjem det fram at 52 prosent drøymer om reiser når dei er på sosiale medier. Difor er det viktig å jobba aktivt med sosiale medier, også under korona-pandemien.

No sit omtrent heile Noreg og drøymer seg vekk. Det betyr at ekstra mange brukar meir tid på sosiale medier. Visit Hardangerfjord ser ein liten nedgang i trafikk på nettsida, men me har utruleg bra trafikk på Instagram- og Facebook-profilen vår. Dette gjer at me har posta hyppigare enn vanleg, og dette ser me gode resultater av.

Les også: Vanvittig respons på sosiale medier

Visit Hardangerfjord har inngått ein avtale med dyktige Viva Media om oppsett, handtering og rapportering av annonser på sosiale medier. I den forbindelse har me også forhandla fram gunstige avtalar for medlemmene våre. Dette har me gjort for å gjera det enklare for dykk å byrja med denne typen annonsering. Trykk her for meir informasjon om annonsering på sosiale medier og dei ulike pakkane me har forhandla fram.

Med andre ord, jobb aktivt med sosiale medier under korona-pandemien!

Men du bør jobba litt annleis enn vanleg.

Ikkje ver for salsretta i innlegga dine. Gå heller for bilete og/eller videoar som gjer at folk kan drøyma seg vekk.

Visit Norway seier det godt i denne artikkelen.

Dersom nokon taggar, kommenterer eller skriv direkte til deg, svar dei! Få opp engasjementet på innlegga dine og vis at du bryr deg. 

Aktiver følgarane dine! Nokre av dei har allereie besøkt deg. Kanskje dei har gode bilete eller videoar dei kan dela med deg? Enten at dei sender direkte, eller at dei publiserer sjølve og brukar ein hashtag du ynskjer.

Dette har me gjort gjennom vår «Photos of the week».

Gjer skikkeleg research på kva innhald som allereie ligg der ute. Søk på ulike hashtags og locations. Kanskje det dukkar opp nokre bilete du kan bruka? Eller kanskje du kjem over ein lokal fotograf du kan samarbeida med?

Det er viktig at de er ærlege i kommunikasjonen på sosiale medier. Ikkje unngå å legg ut noko dersom det regnar i to veker. Vis regnet og nytt høvet til å anbefala kva ein kan gjera i regnvêr. Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre vêret. Bruk bilete og videoar som viser kven de er på ein ekte og ærleg måte. Då får gjestane dykkar også eit mykje betre og meir reellt inntrykk av dykk. Det er best når kart og terreng stemmer.

Set deg inn i kven fylgjarane dine er. Kva alder har dei, kvar bur dei, kva andre kontoar fylgjer dei? Dette er informasjon du kan bruka i marknadsføringa di. Blant anna kan du sjå når på dagen fylgjarane dine er mest aktive. Då kan du publisera innlegg på akkurat det tidspunktet for å auka engasjementet.  

Me kunne hatt med utallege tips til korleis ein bør jobba med sosiale medier, men det viktigaste er at de er aktive i desse kanalane. Det kjem de ikkje til å angra på!

God posting! :-)

Last ned

Andre innlegg