B2C

Vanvitig respons på sosiale medier

Godt over 500.000 har sett innlegga våre, og det berre den siste veka!

Sjur Vågen
24.4.20

Vanvitig respons på sosiale medier

Visit Hardangerfjord har den siste tida jobba knallhardt med å få fleire nordmenn til å via turen til Hardanger i sommar. Sosiale medier og digital marknadsføring har vore svært viktig i dette arbeidet. Dette haustar me no gode frukter av.

Den siste veka har me fått i underkant av 3.500 nye fylgjarar på Facebook og Instagram – nesten samtlege av desse er Nordmenn. Dette er ei stadfesting om at utruleg mange sit heima og drøymer seg vekk.

Det desidert mest populære innlegget er ein konkurranse der ein kan vinna eit opphald for to personar på Hotel Ullensvang. Berre på Facebook har innlegget nådd ut til 320.000 Nordmenn. Det har også 3.900 likes og vanvitige 9.700 kommentarar! Legg ein til statistikken frå Instagram, er tala langt høgare.

Me kjem til å ha fleire slike konkurransar frå ulike område i regionen vår i tida framover. Me brukar også eit byrå som hjelper oss med å målretta desse konkurransane og innlegga mot Nordmenn som har vist interesse for å feriera i eiga land denne sommaren.

Last ned

Andre innlegg