B2C

Digitale Brosjyrar

Hardanger Ferietips og Hardangerfjord-guiden kan no lesast digitalt på heimesidene våre.

Sjur Vågen
31.3.20

Digitale brosjyrar

Årets trykksaker er no tilgjengeleg i digital utgåve på Hardangerfjord.com.

Me rakk såvidt å byrja med distribusjonen av Hardanger Ferietips og Hardangerfjord-guiden før koronaviruset slo inn. Når ting har roa seg og ein har meir oversikt over situasjonen me er i, kjem Visit Hardangerfjord til å senda ut eit bestillingsskjema til dykk. Me kjem deretter til å køyra rundt i regionen og levera til dei som har tinga.

I mellomtida kan du lesa Hardanger Ferietips og Hardangerfjord-guiden digitalt her.

Dersom du ynskjer, kan du henta trykksakene våre direkte frå lageret i Norheimsund. Ta kontakt med Sjur minst éin dag i førevegen, så kan han møta dykk.

Last ned

Andre innlegg