B2C

Dyktig innhalds-produsent på besøk

Britiske Ben Howells er tilbake i Hardanger for å produsera filmar for Visit Hardangerfjord.

Sjur Vågen
2.7.19

Dyktig innhalds-produsent på besøk

Visit Hardangerfjord held fram med den kontinuerlege produksjonen av innhald (foto og video) frå regionen. I skrivande stund har me besøk av Ben Howells, ein framifrå dyktig brite. Det er same person me leigde inn i vinter for å filma aktivitetar og tilbod som finst i regionen på vinterstid.

Alt innhaldet som no vert produsert, vert brukt til å visa kor flott regionen er, men også å kobla saman konkrete produkt for å visa kva ein kan gjera over fleire dagar i Hardanger. Dette vert viktig i arbeidet med å få turisten til å tilbringa fleire dagar når han/ho fyrst vitjar oss.  

Videoane og bileta skal til dømes brukast på den nye loungen på turistinformasjonen i Bergen, heimesida vår og i sosiale medier. Me har stor tru på denne forma for marknadsføring, då gode bilete og videoar vert eit stadig viktigare verkemiddel for å vekkja reiselyst og synleggjera alt det ulike ein kan finna på i Hardanger.  

Les også: Ny Hardanger-lounge i turistinformasjonen i Bergen

Her ser du ein av videoane Ben laga for Trolltunga Active tidlegare i år:

Last ned

Andre innlegg