B2B
Då Noreg opna døra si - stilte 11 europeiske turoperatørar opp på visningstur i Hardanger.
B2B marknaden er klar for aktivitet. Måndag kveld kom 11 turoperatørar frå Spania, Tyskland, Nederland, Italia, Frankrike, Danmark og Storbritania på besøk til Hardanger. Me overnatta og hadde middag på Hotel Ullensvang - til middagen hadde me sidersmaking frå Hardangergutane, alle var særs begeistra for både mat og drikke. Etter ei god natts søvn og deilig frukost, brukte me eit par timar i Spa avdelinga til hotellet. Det var ei spesiell oppleving å bade i oppvarma utandørs basseng medan snøen dala ned.
Etter lunsj gjekk turen vidare til Bergen, men på vegen stoppa me på nyoppussa Hardangerfjord Hotel i Øystese. Her fekk me deilig fingermat og omvising i den nye fløyen. Me rakk også å kikke innom Hardangerbadet og sjå utstillinga til Hardanger Akvasenter "Det er her me bur". Det er veldig kjekt å få vise fram Hardanger og kva me har å by på i samarbeid Fjord Norge og Innovasjon Norge. Me gler oss allereie til neste visningstur.