B2C
Førebels oppsummering: 1,4 millionar eksponeringar i juni og juli, og under to kroner per landingssidevisning.
I sommar har vi køyrt Eventyr-konseptet som «always on»-annonsering i sosiale medium, retta mot norske og internasjonale målgrupper.
Eventyr-konseptet byggjer på ein enkel premiss: Hardanger er ikkje inspirert av eventyra – eventyra er inspirerte av Hardanger. Folkeeventyra, nasjonalromantikken og musikken som forma korleis verda høyrer Noreg, har røter i dette landskapet. Det gjev oss ein posisjon ingen andre destinasjonar kan ta – og det pregar alt i kampanjen, frå biletval til den poetiske annonseteksten.
Annonsane skil seg tydeleg frå vanleg destinasjonsreklame. I staden for generiske bodskapar møter publikum linjer som «Ei ferd ei dronning verdig» om Dronningstien, «Der fossedrønnet vekkjer eventyrkjensla» om fossane, «Der epla blir til gull» om frukt- og siderarven, og «Sjå landskapet som vart eit bilete på Noreg» om kulturarven. Det er nettopp desse unike uttaka som leverer dei sterkaste resultata.


Annonseringa i regi av Visit Hardangerfjord nådde i perioden 1. juni–31. juli:
I tillegg kjem samarbeidskampanjane med Trolltunga AS, Trolltunga Active, Buer Restaurant, Folgefonni Breførarlag og Hardanger House, som samla gav 1,66 millionar eksponeringar i perioden april–juli.
Om lag 70 prosent av landingssidevisningane kjem frå den norske marknaden, til lågast kostnad. Men klikkraten er 57 prosent høgare i utlandet – dei som ser annonsene der, er tydeleg interesserte. Storbritannia peikar seg ut som det klart sterkaste utanlandsmarknaden med 73 prosent av den utanlandske leveransen, medan USA har den høgaste klikkraten av alle. Hordaland/Vestland gjev mest rekkevidde av dei norske regionane, og England leverer over seks gonger så mykje som nokon annan utanlandsk region.
Dei sterkaste annonsene er alle bygde rundt konkrete naturopplevingar: fossar og fotturar. Dronningstien-annonsen har levert resultat langt over dei andre – med kostnad heilt nede i 1,53 kroner per landingssidevisning - spesielt i den norske markanden. Og trafikken stoppar ikkje hos oss: I kampanjeperioden auka klikka vidare frå medlemssidene til booking hos medlemmene med 21,6 prosent, og fleire som havner på Dronningstien-sida, klikkar seg vidare til ein medlem.

Effekten er synleg i eigne kanalar: «Always on»-satsinga har hittil i år har generert betydelig trafikk til hardangerfjord.com med 63 prosent engasjement. Det er kvalifisert trafikk som finn fram til medlemmene våre.
No jobbar vi med vidareutvikling av Eventyr-konseptet og nytt innhald for hausten. Universet vert utvida med brand-film, sju kapittelfilmar, og dei dokumentariske Stories from Hardanger-portretta, der hardingane sjølve fortel. Me testar fleire karusellannonser, byggjer vidare på naturopplevings-innhaldet som fungerer best – og vurderer ein eigen test mot USA.