B2C

God sommartrafikk på nett

Det har vore ei lovande utvikling på Hardangerfjord.com dei siste åra. Årets sesong er intet unntak.

Sjur Vågen
2.9.22

God sommartrafikk på nett

Trafikken på heimesidene våre har auka jamnt og trutt sidan 2019, og i fjor satt me nok ein besøksrekord med heile 319.000 unike brukarar innom sida. Tek me utgangspunkt i rykande ferske tal frå Google Analytics, er statistikken positiv lesnad også i år. I skrivande stund ligg me såvidt framfor rekordåret når det kjem til unike brukarar.

Det at dei vitjande på sida besøker langt fleire undersider og brukar mykje lenger tid på sida enn tidlegare, er me veldig glade for. Det er også ein klar indikasjon på at den nye nettsida fungerer godt og at folk er motiverte for å finna meir informasjon om ferie i Hardanger-regionen. Spesielt inspirasjonsartiklane og dei nye temasidene våre har vore svært populære og kan skilta med gode besøkstal.

I desse dagar rullar me ut nye annonser for å lokka turistar til regionen vår utover hausten og vinteren. Presterer desse annonsane på nivå med våre tidlegare annonser, er oddsen låg for at me set ny nettsiderekord også i år.

Ei kjapp oppsummering frå Google Analytics:

* Det er ein STOR oppgang i utanlandstrafikk –spesielt frå Tyskland, USA, Nederland, UK, Sverige, Frankrike, Danmark, Kina og Belgia.

* Dei vitjande er interesserte i Food & dining, lifestyle, outdoor adventure, sport & fitness. Dei fleste er i alderen 25 – 65 år.

* Opplevingar som Trolltunga, Dronningstien, Bondhusvatnet, Folgefonna, Vøringsfossen og Steinsdalsfossen skil seg ut som godt besøkte sider.

Last ned

Andre innlegg