Utvikling
SSB-tala til og med juni viser 7,5 prosent vekst i Hardanger – klart over landssnittet. Norske gjester driv veksten.
Overnattingstala frå SSB viser 7,5 prosent vekst for Hardangerfjord-regionen hittil i år – blant dei sterkaste tala på Vestlandet. Veksten er driven av norske gjester, og aktørane melder om ein god sommar trass i vekslande vêr.
SSB har publisert overnattingstal til og med juni for reiselivsregionen Hardangerfjord (hotell og camping/hyttegrend/vandrarheim, alle marknader):
Merk at tala ikkje omfattar Airbnb og liknande delingsplattformer, dagsbesøkande eller cruise. Juli-tala kjem frå SSB i månadsskiftet august/september, og då tek vi ein større gjennomgang av heile sommaren.
Den norske marknaden veks med om lag 15 prosent og står for det meste av framgangen. Utlandet samla er om lag på fjorårsnivå. Blant enkeltmarknadene har USA ein nedgang per juni – men her er det for tidleg å konkludere før juli og august er talde med. Kina veks kraftig (235 prosent, rett nok frå lågare nivå enn før pandemien), og Europa er samla sett stabilt, men med stor variasjon mellom land. Biletet understrekar kor viktig det er å stå sterkt i fleire marknader samstundes.

Vekst i overnattingar hittil i år, per juni:
Lofoten veks framleis sterkt, men klart svakare enn i fjor. Hardanger ligg godt over både landssnittet og nabofjordane.
Fleire makroforhold har prega årets sesong: Svakare dollar (om lag 10 prosent ned sidan i fjor) gjer Europa dyrare for amerikanske gjester, og flybookingane USA–Europa låg om lag 11 prosent under fjoråret inn mot sommaren – det treffer også Hardanger. Uro i Midtausten og stengt russisk luftrom gjev lengre flyruter, høgare kostnader og dyrare billettar på langdistanse. Samstundes verkar den svake krona begge vegar: Noreg er rimeleg for utanlandske gjester, og dyrare utanlandsferie held fleire nordmenn heime – noko som truleg forklarar mykje av den sterke norske veksten.
Å vere synleg og «top of mind» hos både norske og utanlandske gjester er avgjerande – særleg i urolege tider. Merkevarebygging av Hardanger som destinasjon dempar svingingar og gjer oss mindre avhengige av vêr og enkeltmarknader. Vi køyrer kontinuerlege «always on»-kampanjar i sosiale medium, fortrinnsvis i Noreg og Europa, med overordna marknadsføring av Hardanger – seinast med Eventyr-konseptet, som vert rulla ut i fleire format framover.