B2C

Gode tal frå ny nettside

Trafikken på Hardangerfjord.com har skote til vêrs dei siste vekene.

Sjur Vågen
27.7.21

Gode tal frå ny nettside

Det er svært godt besøk på heimesida vår for tida. Etter fleire år med nedgåande nettsidetrafikk, klarte me å snu denne trenden i 2019. I fjor gjorde me fleire grep på sida, og me knuste den tidlegare rekorden vår med over 44 prosent. Då var heile 253.000 unike brukarar innom Hardangerfjord.com.

Les også: Ny nettside for Visit Hardangerfjord

I år er tala endå betre. Når ein lanserer nye nettsider, kan ein fort mista noko av trafikken i overgangen frå gammal til ny plattform. Dette er noko me i VHF har aktivt prøvd å unngå, og så langt i år ligg me 30 prosent framfor tilsvarande periode i 2020! Heile 212.000 har tatt turen innom dei nye nettsidene våre.

Statistikken i Google Analytics viser også at dei vitjande brukar lenger tid på sida enn tidlegare. Dette er ein indikasjon på at me har produsert opp relevante artiklar og innhald på nettsida som treff målgruppa vår.

Legg ein til tala frå Visit Norway og Fjord Norway, er besøkstala langt høgare. Det at alle medlemmer i Visit Hardangerfjord får omtale på desse tre nettsidene, er utruleg bra og verdifult. For å nå ut til potensielle turistar, er dette tre nettsider som gjev svært god synlegheit mot tusenvis av konkrete turistar med genuin interesse for å besøka Hardanger-regionen. Ta dykk difor tid til å sjå over omtalen dykkar på Hardangerfjord.com. Er den mangelfull, treng nye bilete, osv, send det gjerne til oss! Me kjem til å oppdatera produktpresentasjonane i sommar og utover hausten.

No jobbar me med å ferdigstilla fase 2 av nettsida. Den vert lansert innan nokre månader. Me skriv ei eige bransjesak om dette.

Last ned

Andre innlegg