B2C

Godt brukt arrangementskalender

Reiselivsnæringa er flinke til å ta i bruk arrangementsfunksjonen på Hardangerfjord.com.

Sjur Vågen
30.1.24

Godt brukt arrangementskalender

Reiselivsnæringa er flinke til å ta i bruk arrangementsfunksjonen på Hardangerfjord.com. I 2023 vart det registrert totalt 275 ulike arrangement på sidene våre - alt frå større festivalar til mindre kurs.

Arrangementa kan også skilta med gode besøkstal. Rett i underkant av 50.000 har tatt turen innom og kikka på dei ulike hendingane. Gjennomsnittleg tidsbruk ligg på 1m 52s, som er veldig gode tal. Når ein er inne på arrangementa, får ein også opp forslag til overnatting og andre aktivitetar i nærleiken. Ein får med andre ord svært god synlegheit for å leggja inn arrangementa sine her.

For dei som ikkje er kjent med denne funksjonen, er det eit skjema der ein kostnadsfritt kan lasta opp arrangementa sine på Hardangerfjord.com.

Les også: Aukar satsinga på kultur og arrangement

I tillegg til god marknadsføring gjennom denne synlegheita, får me i Visit Hardangerfjord også mykje betre oversikt over kva som skjer i regionen. Me vil difor oppmoda dykk til å registrera alle arrangementa dykkar – alt frå mindre til større arrangement og hendingar.

Slik fungerer det:

1: Legg inn informasjon (tekst, bilete, dato, osv) om arrangementet ditt her: https://www.hardangerfjord.com/arrangement/registrer-ditt-arrangement

2: Du får ein e-post om at arrangementet er lasta opp og sendt til godkjenning.

3: Visit Hardangerfjord ser gjennom arrangementet. Dersom all naudsynt informasjon kjem fram, vert det lasta opp på våre, Fjord Norway og Visit Norway sine sider. Dersom noko er feil eller me ser at noko manglar, får du ein e-post om å endra dette før publisering.

Dersom du har nokre spørsmål, send ein e-post til info@hardangerfjord.com.

PS: Eit godt tips er å også leggja inn informasjon på engelsk. Då når ein ut til langt fleire potensielle gjester.

Last ned

Andre innlegg