B2C

Godt brukte verktøy

Det er rekordstor interesse og oppslutning rundt Hardangerfjord Guide og Hardanger Ferietips / Hardangerkartet.

Sjur Vågen
30.1.25

Godt brukte verktøy

Hardangerfjord Guide og Hardanger Ferietips (Hardangerkartet) har i ei årrekke vore populære hjelpemiddel blant både norske og utanlandske turistar – ein trend som berre fortset å veksa. Kvart år distribuerer me fleire hundre tusen eksemplar frå lageret vårt i Norheimsund til innfallsportane i Hardanger, medlemsbedrifter og turistkontor rundt om i heile Noreg. Dette sikrar at brosjyrane er lett tilgjengelege der turistane er.

Turistkontor over heile landet melder om jamn etterspurnad etter brosjyrane våre, og dei tre språkutgåvene – norsk, engelsk og tysk – sikrar at me treffer eit breitt publikum. Sjølv med eit årleg opplag på fleire hundre tusen eksemplar, må me trykka opp nye kvart år for å møta etterspurnaden. Me anslår at opp mot 400.000 turistar blar gjennom trykksakene våre årleg, noko som viser kor viktige desse verktøya framleis er for dagens reisande.

Ein viktig del av opplevinga

Hardangerfjord Guide og Hardanger Ferietips bind saman regionen på ein unik måte. Når turisten er i Hardanger, inspirerer brosjyrane til auka opphald og ferdsel på tvers av kommunegrensene. Det er nettopp denne samanhengen me ønskjer å fremja. Dette er viktig i arbeidet med å utvikla Hardanger til å verta ein berekraftig heilårsdestinasjon med betre inntening og lengre opphaldstid.

Rekordhøg oppslutning for 2025-utgåva

Det er heller ikkje lenge igjen til 2025-utgåva går i trykken, og interessa for neste års brosjyrar har aldri vore større! Me jobbar tett saman med turistkontora om forbetringar, basert på verdifull innsikt frå dagleg kontakt med turistane. Denne dialogen sikrar at brosjyrane våre er relevante, nyttige og tilpassa dagens behov.

Med ei rekke oppdateringar og forbetringar planlagt for neste års utgåver, siktar me inn på at Hardangerfjord Guide og Hardanger Ferietips også i 2025 vil halda fram som dei mest ettertrakta og mest brukte verktøya blant turistane.

Last ned

Andre innlegg