B2B

Hardanger gjer seg klar for å erobre den kinesiske marknaden.

Hardanger har hatt ei auke i overnattingsgjester på 11 % samanligna med Bergen som har hatt 9% og Sogn har hatt 5%.

Hege Vedvik
14.8.24

Ein sommar for rekordbøkene

Hardanger gjer seg klar for å erobre den kinesiske marknaden
I midten av juni hadde me gleda av å ta imot 14 gjester frå Kina, som opplevde Hardanger i heile fem dagar. Dei fekk smake på det beste regionen har å tilby, og laga ein flott promoteringsfilm som skal vise fram det magiske Hardanger i Kina.

Når hausten kjem, reiser me til Kina for å fylgje opp interessa. På berre ei veke skal me delta på workshop i Beijing, Chengdu og Shanghai før me vender snuten heimatt. I løpet av denne veka får me snakka med ei mengde turoperatørar i desse 3 store byane, og me skal be dei kome å oppleve fabelaktige Hardanger.

Sommaren 2024 – Ein sommar for rekordbøkene
Ferske tal frå SSB syner at juni 2024 vart ein historisk månad med heile 4,65 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsstader. Det er spesielt Tyskland som tronar øvst på lista, med ein imponerande del på 27%. USA, Nederland og Sverige fylgjer tett etter. Desse marknadene er dei same som dominerte før pandemien, men no ser me ein endå større auke i overnattingar frå desse landa,som no utgjer heile 57% av alle utanlandske besøk, mot 49% i juni 2019.
Dette er tal på landsbasis, me kan med glede melde om at Hardanger var ein av vinnarane når det gjeld besøkstal for regionen. Landsgjennomsnittet har ei auke på 4% frå januar til mai (frå i fjor), Bergen har auke på 9%, Sogn har auke på 5% medan Hardanger har ei auke på heile 11% på overnattingsgjester frå januar til mai 2024.

Kina, som før pandemien var den femte største utanlands-marknaden, ligg framleis 76% under nivået i 2019. Den asiatiske marknaden var ein viktig bidragsytar til reiselivet i Hardanger før covid-19, og no ser det lyst ut. Etter pandemien har det tatt tid å få på plass visum og pass, men no ser me ein positiv trend. Kina har hatt ein auke på 93% i reiseaktivitet hittil i år, ifølgje statistikk frå Innovasjon Norge. Dette er svært gledelege nyheiter for oss!

Framtida for den kinesiske marknaden – Berekraft og natur
Me trur at den kinesiske marknaden vil ta seg kraftig opp i tida framover. Etter pandemien ser me at kinesiske reisande har endra reisevanane sine. Dei er no meir opptekne av berekraft og ynskjer å bu på ein stad der dei kan ta dagsturar ut ifrå. Dette viser at dei ynskjer å redusere miljøavtrykket sitt, spesielt når dei må reise så langt.

Me ser fram til å møte våre kinesiske vener på heimebane i haust. Det blir spennande å høyre kva slags feriar dei drøymer om og kva som fascinerer dei mest. I juni såg me kor begeistra dei var for den reine naturen i Hardanger, med dei friske luktene og den autentiske opplevinga av å være tett på naturen. No gler me oss til å vise fram enda meir av det Hardanger har å by på!

Kjelder: SSB

Last ned

Andre innlegg