B2C
Presse og PR er eit viktig verktøy for å skapa truverd og merksemd for Hardanger-regionen.
Gjennom målretta presse- og PR-arbeid jobbar Visit Hardangerfjord for å løfta fram Hardanger i redaksjonelle kanalar. Dette arbeidet bidreg til truverd, merksemd og langsiktig verdi for regionen.
Presse og PR er eit viktig satsingsområde for Visit Hardangerfjord. Arbeidet handlar i stor grad om å identifisera gode historiar frå regionen, vidareutvikla dei og leggja til rette for at dei vert relevante for både regionale, nasjonale og internasjonale medium.

Eit døme frå 2025 er arbeidet knytt til bryllaup på Trolltunga. I samarbeid med Trolltunga AS bidrog Visit Hardangerfjord med utforminga av pressemelding og vinkling av saka, slik at ei lokal hending vart sett inn i ein større samanheng. Saka fekk nasjonal merksemd, mellom anna gjennom omtale på NRK, og synte korleis rett vinkling og tydeleg bodskap kan løfta ei historie langt utover regionen.

Men det er ikkje berre norske medium me jobbar mot. Visit Hardangerfjord tek også ei aktiv rolle i arbeidet med å synleggjera Hardanger-regionen internasjonalt. I 2025 bisto me mellom anna det italienske mediet Yes Weekend med produksjon av ein eigen episode frå Hardanger, spelt inn i august. Episoden vart sendt som helgesending på Sky TV i Italia, med over to millionar visningar. I tillegg hadde innhaldet omfattande distribusjon i sosiale medium, og episoden vil halda fram som betalingsinnhald på Sky. Produksjonen fekk også omtale gjennom ei lengre sending på Radio Deejay, Italias største radiostasjon.

Slike produksjonar kan koma i kombinasjon med visningsturar og tett oppfølging av journalistar og redaksjonar frå prioriterte marknader. Her fungerer Visit Hardangerfjord som tilretteleggjar, kontaktpunkt og fagleg støttespelar for utanlandske medium som ønskjer å formidla historier frå Hardanger.
Redaksjonell omtale har høg truverd hjå publikum, og er difor eit viktig supplement til betalt marknadsføring. Sjølv om effekten ikkje alltid kan målast i konkrete tal, bidreg presse- og PR-arbeidet til å byggja Hardanger sitt omdøme som eit attraktivt reisemål – både nasjonalt og internasjonalt.