B2C

Hardangerfjord Guide - Populær trykksak

No kan du sikra deg annonseplass i Hardangerfjord Guide 2026 - frist 17.10.

Sjur Vågen
17.9.25

Populær trykksak

Hardangerfjord Guide er eit av dei mest sentrale verktøya for å nå turistar i Hardanger-regionen. Kvart år vert guiden trykt i eit opplag på 110.000 eksemplar fordelt på norsk, engelsk og tysk – og vert hyppig brukt av turistar som enten er i regionen, er på veg til regionen, eller som planlegg si neste reise til Hardanger.

Guiden kan skilta med solid distribusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Han er fast inventar på turistkontora i Hardanger, i Bergen – der ein åleine når over 500.000 gjester årleg – og på turistinformasjonar over heile landet. I tillegg brukar me Hardangerfjord Guide aktivt i møte med turoperatørar, på messer og workshops. Etterspurnaden er jamn, og sjølv med stort opplag, er det ikkje mykje igjen på lageret når hausten kjem. Dette understrekar kor stort behovet framleis er for gode trykksaker blant dagens turistar.

Kvifor annonsera i Hardangerfjord Guide?

  • Stor synlegheit: Opp mot 400.000 estimerte lesarar kvart år.
  • Solid format: A5 med limfrest rygg gjev høg kvalitet og god eksponering.
  • Brei distribusjon: Regionale, nasjonale og internasjonale kanalar.
  • Turoperatør-marknaden: Viktig verktøy i B2B-arbeidet.
  • Kontinuerleg forbetring: Utvikla i tett samarbeid med turistkontora basert på kva turistane faktisk spør etter.

Tingingsfrist 17. oktober

Det er veldig populært å annonsera i Hardangerfjord Guide, og her er det fyrstemann-til-mølla-prinsippet som gjeld. Me oppmodar alle medlemmer til å sikra seg plass tidleg.

Send mail til magasin@hardangerfjord.com for tinging og meir informasjon.

Klikk her for å lasta ned heile annonseinvitasjonen.

Last ned

Andre innlegg