B2C
Visit Hardangerfjord er godt i gang med distribusjonen av årets utgåve av Hardangerfjord Guide.
Tidlegare denne veka kom Hardangerfjord Guide 2020 til Norheimsund, og me er allereie godt i gang med distribusjonen av desse. Over tusen esker er i skrivande stund på veg til ulike mottakarar i både inn- og utland.
Guiden vår er eit viktig verktøy for turistane som vitjar Hardanger-regionen. For å auka kvaliteten og synlegheita, har me i år gjort ei rekke endringar. Me har blant anna:
Les også: Stor interesse for Hardangerfjord Guide 2020
Alle medlemsbedrifter i Visit Hardangerfjord får innan kort tid tilsendt eit skjema der dei kan leggja inn bestillingar på guiden. Når dette er på plass, byrjar me distribusjonen i regionen.
Dersom du har lyst på guiden allereie no, kan du henta hjå oss i Norheimsund. Fint om du gjev oss beskjed i forkant, så kan me gjera det klart for dykk.
Me vil også nytta høvet til å minna om annonsefristen for Hardanger Ferietips. Dette er ein svært populær publikasjon å annonsera i. Det er avgrensa med annonseplass, så det er førstemann-til-mølla-prinsippet som gjeld! Dersom du ynskjer å tinga, send mail til magasin@hardangerfjord.com.