B2C
Formatendringa for Hardangerfjord Guide 2020 har vorte svært godt mottatt.
Me må fleire år bak i tid til sist gong Visit Hardangerfjord solgte så mange annonser til Hardangerfjord Guiden som i år. Talet annonser, ikkje minst heilsider, er ei stadfesting på at endringa til A5-format er godt mottatt av medlemmene våre.
Me har fått mange positive attendemeldingar på formatendringa. Dette vert også bekrefta gjennom salet av heilsiders annonser.
Les også: Endringar i Hardangerfjord Guiden 2020
Me har brukt mykje tid på å sjå korleis ein kan løysa A5-formatet så godt som mogeleg. Publikasjonar med tilsvarande format er bestilt inn, og me har tatt stilling til papirkvalitet, limfrest vs stifta rygg, distribusjon, bretting, og dette berre for å nemna noko. Levering av årets brosjyrar vert i slutten av januar / byrjinga av februar.
Det kjem også til å koma større endringar for Hardanger Ferietips. Kartet, som kanskje er det viktigaste i denne publikasjonen, kjem sjølvsagt til å koma tydeleg og godt fram. Her kjem me attende med meir informasjon.
NB: Det er stor interesse for annonsering, og no er det kun ei halvside ledig. Dersom du ynskjer å tinga, send Mail til magasin@hardangerfjord.com. Det er fyrstemann-til-mølla-prinsippet som gjeld!