B2B
Dette året har me hatt mykje besøk i Hardanger - og me har fått vise oss fram til turoperatørar frå heile verda.
2024 har vore eit hektisk og inspirerande år for B2B-arbeidet vårt, der stadig fleire turistar frå heile verda har fått augo opp for Hardanger som eit unikt reisemål. Det at 35 prosent av turistane i regionen kjem frå B2B-marknaden, gjer dette til eit sentralt satsingsområde for Visit Hardangerfjord. Årets høge aktivitetsnivå og rekordmange besøkjande viser kor viktig dette arbeidet er for å løfta regionen.
Hardanger er blant dei mest aktive destinasjonane i Noreg på B2B-fronten, og resultatet av dette ser me tydeleg. Frå messer og workshops til visningsturar, har me jobba målretta for å inspirera turoperatørar, presse og influencarar til å inkludera Hardanger i sine produkt.
Sjå våre høgdepunkt for året:
• Januar og februar: Me starta året sterkt med digital workshop Nordeuropa, i regi av Nordic Marketing, og som visningstur - ein fantastisk trugetur til Trolltunga, med overnatting på Hotel Ullensvang.
• Mars: Deltaking på Nordic Workshops i Paris og Milano – Hardanger-standen var godt besøkt!
• April: Ein travel månad med viktige arrangement som NTW i Trondheim og presentasjon av Hardanger på "Vision of The Fjords" båten. Hardanger Next konferansen som vart halde på Hotel Ullensvang samla aktørar i heile regionen.
• Mai og juni: Hardangerfjord Adventure og Sidersmaking på Spildegarden vart presentert for ei Irsk gruppe turoperatørar frå prosjektet Fjord & Nord. Ei handplukka gruppe frå Kina fekk ei reise i verdas vakraste landskap og var i Hardanger i heile 5 dagar, dette var ei blanding av presse, influencarar og turoperatørar.
• September: Frå UK hadde me besøk av turoperatørar frå high-end segmentet som kom på visningstur, me hadde også besøk av filmeteam frå Irland som spela inn ein episode til realityprogram, september var prega av fokus på eksklusive opplevingar i Hardanger.
• Oktober og november: Året vart avslutta på storslått vis med Scandinavian Roadshow i Kina, der Beijing, Chengdu og Shanghai fekk sjå og høyre kva Hardanger har å by på. Her vart det vist ein 4 min. lang film frå Hardanger.
Dette året har vist kor stort potensial Hardanger har som reisemål. Me ser fram til å byggje vidare på desse erfaringane og ta 2025 til nye høgder!
Takk for innsatsen og engasjementet til alle som har bidrege – saman skapar me magiske opplevingar!