B2B

Informasjon i samband med pågåande spreiing av koronavirus

5.3.20

Korona påverka ferie bestillingar

Det er mange spørsmål og usikkerheita rundt spreiinga av koronaviruset og fleire organisasjonar har publisert fakta, tipps og råd i forhold til den aktuelle situasjonen.
Vist Norway har samla lenker med nyttig informasjon som vert oppdatert kontinuerleg. Her finn du bl.a. lenkene til Folkehelseinstituttet sine nettsider og European Centre for Disease Prevention and Control. Innovasjon Norge sin statusrapport om korleis korona situasjonen påverkar bestillingar av norgesferie i frå dei ulike marknadane finn du her, status frå NHO Reiseliv om konsekvensar av koronaviruset finn du her.

I Hardanger-regionen utgjer nordmenn ca. 50% og utanlandske reisande ca. 50% av samla kommersielle overnattingar. Av dei utanlandske reisande utgjer Kina ca. 20% av alle hotell overnattingar og er dermed en svært viktig kundegruppe for hotellnæringa. Derfor håper vi som alle andre at man får snarleg kontroll på utviklinga av koronaviruset, før sommarsesongen for å unngå for store tap i bestillingar og omsetningar. Reiselivsnæringa i Hardanger sysselsetja over 1200 personar og er ein av dei største næringane iregionen.

Visit Hardangerfjord vil framover styrke innsatsen mot den norske marknaden og europeiske nærmarknadar for å aktualisere Hardanger regionen som eit av dei mest attraktive reisemål i Europa i 2020. Når det gjelder den kinesiske marknaden så deltok Visit Hardangerfjord på salsreise i Kina i 2019 og samarbeider med Scandinavian Tourist Board, Fjord Norge og Visit Norway i forhold til å vera synleg på den kinesiske marknaden. Her vil vi være klare når man har kontroll på utviklinga og reiserestriksjonane opphevast.

Last ned

Andre innlegg